Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon ved anstrengingslekkasje

Urinlekkasje ved anstrengingar som hoste, nys, latter og fysisk aktivitet kjem oftast av svekking i urinblæras lukkemuskel og/eller i bindevevet som held urinrøyr og urinblære på plass. Formålet med å operere inn ein vaginalteip (TVT, TOT) er å stabilisere urinrøyret, slik at vi reduserer lekkasjen eller at han stansar. 80–90 prosent av kvinnene blir kvitt anstrengingslekkasjen etter operasjonen.

Lekker du urin når du nyser, ler eller trener, er stressinkontinens den mest sannsynlige årsaken. Det finnes flere behandlinger som kan hjelpe, som for eksempel enkle bekkenbunnøvelser.

Les meir på helsenorge.no

Av dei som har anstrengingslekkasje, viser det norske kvalitetsregisteret at 80-90 % er svært fornøgde med resultatet av behandlinga og er tette ved fysisk testing.   

Dersom ein har blandingslekkasje, det vil seie både anstrengings- og hastverkslekkasje, er resultata noko dårlegare. 

Før

For kvinner etter overgangsalderen er det viktig å bruke østrogentilskot i skjeden (for eksempel Vagifem, Gelisse eller Ovesterin) minimum to veker før operasjon dersom du elles ikkje bruker dette fast. Vi anbefaler å unngå barbering av underlivet dei siste to til tre vekene før inngrepet.

Under

Under inngrepet ligg du med beina opp som ved ei gynekologisk undersøking. Ein sjukepleiar sit ved hovudenden og passar på at du har det bra under inngrepet.

Operasjonen utfører vi i lokalbedøving, og du får i tillegg smertestillande intravenøst. Det er normalt at du kjenner berøring og moderat smerte under inngrepet.

Slimhinna i skjeden blir opna under urinrøyret, og vi lagar to små snittar nedst på magen din. Eit prolenbånd (syntetisk materiale) blir ført opp med ei nål på begge sider av urinrøyret bak symfysen. For å kontrollere at bandet sit rett, kikkar vi inn med eit lite kamera i urinblæra (cystoskop). Bandet blir stramma til du lekker berre ein drope ved hoste. Snitta i skjeden og nedst på magen blir sydd med tråd som forsvinn av seg sjølv.

Bandet blir ikkje sydd fast, men gror fast i vevet.

Etter

Du kan dra heim når du får til å late vatnet normalt, som oftast same dag. Vi kontrollerer resturin (kor mykje som er igjen i blæra etter at du har tissa) med ein blæreskannar. Dei fleste tissar langsamare etter inngrepet. For å førebygge urinvegsinfeksjon får du med Hiprex tablettar som du skal ta morgon og kveld i tre–fem dagar, inkludert operasjonsdagen. 

1-2 veker avhengig av kor fysisk krevjande jobben er. 

Det er vanleg å ha litt smertar dei første dagane etter operasjonen. Smertene kan du behandle med Paracetamol 500 mg (Paracet, Pamol, Panodil, Pinex), to tablettar inntil fire gonger dagleg og Ibuprofen 400 mg (Ibux, Ibumax, Ibumetin), éin tablett inntil fire gonger dagleg, og vi anbefaler at du kjøper inn dette på førehand. Gi oss beskjed om du ikkje toler desse medisinane, slik at vi kan planlegge smertelindring etter operasjonen. 

Om ikkje det er betring av smertene etter 1 veke vil vi at du kontaktar sjukehuset. Nokre kvinner har måtta fjerne bandet på grunn av vedvarande smerter.

Vi bruker tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan komme ut trådbitar frå skjeden i nokre veker etter operasjonen.

Det er vanleg å ha litt blødingar, som ein minkande mens, i 1-2 veker.   

Såra kan også blø i nokre dagar til veker etter operasjonen, inntil dei har grodd. Du får ofte med deg eit par bandasjeskift. Bandasjane skal tolast å bli dusja med om anna ikkje er sagt. Ved bandasjeskift skal huda lufttørke før nye bandasjar blir sette på.

Dersom det blir vanskeleg å tisse etter inngrepet, eller du har andre problem eller spørsmål, kan du kontakte oss på telefon.

Etter operasjonen kan du vere i normal fysisk aktivitet, men du bør ofte vente rundt 4 veker med hard fysisk trening. 

Du skal også unngå samleie, bruk av tampong og aktivitetar som sykling i 4 veker etter operasjonen. 

Kontroll

Vi ønsker at alle som blir opererte for TVT blir registrert i den anonyme nasjonale databasen NKIR (Norsk kvinnelig inkontinensregister). Dette registeret fører løpande kvalitetskontroll med resultata frå sjukehusa. Du vil bli beden om å skrive under samtykke til dette. Er du med i registeret, vil du bli innkalla til ein frivillig kontroll innan eitt år og tre år etter inngrepet. 

Dersom du har generelle og/eller praktiske spørsmål, kontakt utskrivande avdeling eller fastlege. 

 

Ver merksam

Ved behov for vurdering av akutt helsehjelp som ved sterke smertar, større blødingar eller akutt feber kontakt behandlande avdeling ved sjukehuset. 

Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar, oftast blodsamlingar, blodpropp eller infeksjon. I sjeldne tilfelle kan andre organ som tarm og urinblære bli skadde. Nokon svært få opplever at slimhinna i skjeden over bandet ikkje vil gro. Det kan ein sjeldan gong vere vanskeleg å stramme bandet rett, og det kan bli vanskeleg å tisse. Vi måler derfor resturin før du kan dra heim. Nokre få må lære å tømme blæra med kateter til tissinga kjem i gang. Dersom bandet er lagt for stramt, kan operatøren dagen etter inngrepet slakke bandet.

Generelt gjeld at dersom plagene etter operasjonen ikkje minkar frå dag til dag, men i staden aukar på, bør du ta direkte kontakt med avdelinga vår. Spesielt bør du vere merksam på aukande smerter, pustevanskar, feber, plagar frå urinvegar og tarm. Svie og hyppig vasslating etter operasjonen kan det vere teikn på blærekatarr, og du bør levere morgonurinprøve på reint glas hos fastlege.

Sist faglig oppdatert 06.01.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Haugesund sjukehus
Ventetid: 30 - 65 uker

Ventetid: 30 - 65 uker

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

30 uker til utredning

35 uker til dagbehandling (65 totalt)

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.