Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Perifere nerveblokadar (lokalbedøving)

Lokalanestesi (lokalbedøving, regionalbedøving) blir ofte nytta i samband med kirurgiske inngrep og prosedyrar. Lokalbedøvingsmiddel verkar ved å hindre at nervesignal frå eit smertefullt område i kroppen når sentralnervesystemet. Ein kan setje lokalbedøving i det området ein skal operere, men av og til er ikkje dette den beste løysinga. Då kan ein setje bedøvingsmiddelet inntil dei store nervebanane som fører smertesignal frå operasjonsstaden, slik at ein bedøver til dømes ein heil arm. Regionalbedøving blir gitt som oftast av anestesilegar før inngrepet.

Før

Førebuinga til regionalbedøvinga er som for annan type kirurgi. Somme gonger er det ikkje mogleg å oppnå tilfredsstillande verknad av regionalbedøving, derfor har ein alltid som ein reserveplan å gi generell narkose.

Etter

Som oftast blir eit langtidsvirkande bedøvingsmiddel nytta og det er ikkje uvanleg at smertelindringa varer opp mot eit halvt døgn eller meir. Skulle ein etter ei slik bedøving oppleve at innstikkstaden blir raudt og hovent, og/eller at ein får feber og generell sjukdomskjensle, må ein ta kontakt med lege.

Det er uvanleg at ein får infeksjon forårsaka av ein nerveblokade, men det kan skje.

Sist faglig oppdatert 23.09.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Operasjonsavdelinga Haugesund

Kontakt Operasjonsavdelinga Haugesund

Oppmøtestad

Pasienter som skal opererast, kan ha oppmøte på eitt av desse stadene:

  • Operasjonsavdeling (dagkirurgi), 1. etasje i vestblokka
  • Sengeposten/avdelinga (avhengig av type behandling)
  • ØNH-poliklinikken, 1. etasje i austblokka

NB! Sjekk innkallingsbrevet. Der står det kvar du skal møte opp.

Er du i tvil, kontakt resepsjonen til operasjonsavdelinga i 1. etasje. Når du kjem inn hovudinngangen, gå til høgre, forbi Narvesen-kiosken og vidare inn til operasjonsavdelinga. Der finn du resepsjonen vår. 

Registrering ved oppmøte

Du melder oppmøtet ditt via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten ved hovudinngangen.

Meld deg deretter i resepsjonen i operasjonsavdelinga for å seie frå at du har kome. Vent i ventesona til du blir kalla inn.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.