Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
I dei fleste tilfelle vil prolaps gå over utan kirurgisk behandling. Dersom det er sterke vedvarande smerter og påverking på nervesystemet kan det vere aktuelt med kirurgi.
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Når tilvisinga blir send til sjukehuset treng legen som skal vurdere nye MR-bilde for å sjå om det er prolaps i ryggen. MR-bilde, saman med sjukehistorie, er viktige for spesialisten som vurderer tilstanden din.
Ei nevrologisk undersøking vil seie noko om kva område i nervesystemet som er påverka. Samanstilling av sjukehistorie, MR-bilde og den kliniske undersøkinga gir grunnlag for vurdering av tilvising.
Du får informasjon om operasjonen av kirurg dagen før eller på operasjonsdagen. Anestesilege vil informere deg om narkosen. Ein sjukepleiar informerer deg om nødvendige førebuingar før operasjonen.
Inngrepet blir utført i narkose.
Vi nyttar ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2–4 cm langt hudsnitt på ryggen. Under operasjonen skyv vi nerven til side og fjernar prolapsen.
Operasjonstida varierer, men er vanlegvis cirka 45–60 minutt.
Etter operasjonen må du ligge nokre timar på overvakingsavdelinga.
Ryggen din er ikkje ustabil på nokon måte, ingen ting kan slitast av eller gå sund. Du kan stå opp av senga når du er vaken av narkosen og du kan reise heim same dag, eller dagen etter operasjonen.
Du får informasjon om oppfølging, kontrollar, smertelindring og aktivitetsnivå av lege og fysioterapeut ved utreise. Sjølv om du har lite smerter, anbefaler vi at du ikkje er for aktiv dei første dagane. Ver i aktivitet og ha korte kvileperiodar dei første dagane.
Det er normalt å kjenne stivleik og sårsmerter nedst i ryggen dagane etter operasjonen. Smerta er som regel verst det første døgnet, deretter blir det normalt rask betring. Har du vore plaga med nomenheit og nedsett kraft i muskulatur før operasjonen, kan du framleis ha problem med dette i fleire månader etter operasjonen. Det er også vanleg å kunne kjenne noko smertestråling i periodar dei første fire vekene etter operasjon.
Ved alle kirurgiske inngrep er det fare for blødingar og sårinfeksjon. Skade på nervar er svært sjeldne komplikasjonar.
Det er uvanleg at det blir betennelse i operasjonssåra. Du bør likevel vere på vakt dersom du får aukande smerter, hevelse eller raud hud rundt operasjonssåra. Får du høgare feber enn 38,5 grader, eller at temperaturen ikkje stabiliserer seg etter 2 dagar, ta kontakt med fastlege eller legevakt.
Ventetid: 12 - 28 uker
Kontakt Ortopedisk poliklinikkOrtopedisk poliklinikk held til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.
Digital innsjekk, registrering og betaling
Som pasient får du ei tekstmelding på telefon (SMS) før timen hos oss.
Når du er ferdig med timen, får du ny tekstmelding med informasjon om betaling. Du kan anten betale med Vipps, faktura eller i resepsjonen i 1. etasje.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund