Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Prostatakreft
Kreft i prostatakjertelen (cancer prostatae) er den mest vanlege kreftforma hos menn i Noreg. Dei primære behandlingsmåtane er kirurgi eller strålebehandling. Viss du har ein lågrisiko (snill) kreft, kan det beste alternativet vere aktiv overvaking med regelmessige blod- og vevsprøver.
Prostatakreft oppstår i kjertler og ganger i prostatakjertelen. Det er den vanligste kreftformen blant menn. Prostatakreft i tidlig stadium gir sjelden symptomer.
Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Ein klinisk undersøking av prostatakjertelen er vanleg. I tillegg blir det tatt blodprøver, ein av dei ei spesifikk prostataprøve kalla PSA. Ved enno mistanke om kreft, tar vi ein biopsi, ein vevsprøve frå prostatakjertelen. Mange pasientar vert undersøkte med MR.
Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs. Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje. Beslutning om diagnose blir tatt.
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Viss du har kreft, planlegg vi kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Kva alternativ har eg?
Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
For pasientar med prostatakreft vil som regel ein eller flerIe av følgjande behandlingsalternativ være aktuelle: aktiv overvaking, operasjon, strålebehandling.
Nokre kreftsvulstar er meir aggressive enn andre, og dei kan ha til dels betydeleg lokal vekst. Desse svulsttypane krev ofte behandling utover den behandlingsmetoden som er valt som hovudbehandling (operasjon eller strålebehandling).
Målsettinga med å gi tilleggsbehandling er å auke langtidsoverlevinga, ved betra lokal kontroll og utrydding av spor av kreftceller som har spreidd seg.
Ved langtkomen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast er det no ei rekke mogelegheiter både for livsforlengande behandling, god symptomførebygging og symptomlindring.
Mange kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange dør av heilt andre årsaker.
Mange som får påvist prostatakreft lurer på kva dei skal gjennom i tida framover. Kva undersøkingar skal eg ta, korleis og når blir det gjort, kva behandlingsval har eg, og kva kan eg bestemme for mi behandling? Mange og viktige spørsmål.
Denne videoen gir deg eit innblikk i kva pasientar som skal til behandling for prostatakreft møter på vegen. Frå dei oppsøker fastlegen til behandlingsval skal takast og behandlinga kan starte.
Oppfølging
Etter at anbefalt behandling er gjennomført og avslutta, vil du få tett oppfølging både på sjukehuset og hos fastlegen din. Behandlinga du har vore gjennom vil vere førande for type oppfølging, og kor ofte du skal ha oppfølging.
Ca 2 veker etter utskriving får du time på poliklinikken for å fjerne urinkateter og stiftar (agraffer) etter operasjonen.
Etter 6 veker skal du til kontroll hos uroterapeut på sjukehuset. Du må gjerne ta med deg partnar til denne undersøkinga. På førehand skal du ta blodprøver. Desse blir tatt på sjukehuset.
På kontrollen vil legen:
kontrollere blodprøvene som er tatt
gi deg rettleiing med tanke på inkontinens og ereksjonssvikt
gi deg informasjon og prate med deg om ting du lurer på
Du skal også ta ei vasslatingsundersøking (flowmetri).
Tre månader etter operasjonen skal du til kontroll på nytt. På førehand skal du ta blodprøver.
På same måte som ved 6-vekerskontrollen går vi gjennom funn frå operasjonen og ser på blodprøvene som er tatt. PSA er vanlegvis ikkje målbar etter operasjon, og ved vedvarande målbar PSA vurderer vi behov for tilleggsbehandling med stråling. Også på denne kontrollen kan du ta opp utfordingar rundt eventuelt lekkasje og ereksjonssvikt. Nokre kan ha behov for fysioterapi (bekkenbunnstrening) og ereksjonshjelpemiddel.
Vi avtalar vidare kontrollopplegg.
Under opphaldet får du rettleiing av fysioterapeut for eigentrening. Etter operasjonen er det viktig at du trener bekkenbunnsmuskelatur. Du vil få tilgang til ein treningsvideo, eller tilbud om tilvising til fysioterapeut.
Det er ikkje behov for pleie utover det du har hatt behov for før inngrepet.
Det er forventa problem med urinlekkasje og ereksjonssvik den første tida etter operasjonen. Du får med deg resept på inkontinensutstyr når du blir utskriven.
Du skal ta blodfortynnande medisin i sprøyte i 7 - 10 dagar etter operasjonen. Dersom du har fått fjerna lymfekjertlar kan du ha behov for behandling i 4 veker. Dersom du får oppvekst av bakteriar i urinen kan det bli aktuelt med antibiotika-tablettar.
Etter strålebehandlinga blir du kalla inn til kontroll på sjukehuset 3 månader etter avslutta behandling, og deretter kvar 6. månad. Ved kontroll skal du ta blodprøver (PSA).
Varigheit av hormonbehandlinga er avhengig av kor aggressiv sjukdommen din er. Behandlinga varer som lengst i 2 år.
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.
Ver merksam
Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte legevakta:
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.