Lege og sjukepleiar eller fysiolog er med deg under testen. Dei vil fortelje deg korleis du skal utføre testen. Hjarte- og lungefunksjon, blodtrykk og oksygenmetting blir overvakt undervegs.
Først gjer vi desse undersøkingane:
Spirometri
EKG
Måling av blodtrykk og oksygenmetting:
Legen ser på resultatet av desse undersøkingane. Om dei ser bra ut, utfører du sjølve ergospirometri-undersøkelsen.
Under undersøkinga har du på deg elektrodar (frå EKG), målar for blodtrykk og oksygenmetting.
Du skal sitte på ein ergometersykkel. Du får på ei maske over nase og munn. Den blir halde på plass av eit feste som du har på hovudet. Maska skal vere tett, men du klarer å puste gjennom henne. Før du startar å sykle spør vi deg om pusten din ved å vise deg ein skala som er eit mål på pust (Borg-skala). Vi gjer dette fleire gonger under undersøkinga.
Når du startar å sykle skal det vere lett å trø. Det vil bli tyngre etter kvart. For at du skal utføre ein god test er det viktig at du pressar deg, elles kan det bli ein test der det blir vanskeleg å få avklart symptoma dine og få ein diagnose. Vi vil spørje deg korleis det går og er med på heile undersøkinga. Blir du trøytt og det gjer vondt i beina, skal du likevel presse deg heilt til du ikkje orkar meir. Etter at testen er ferdig, skal du sitte på sykkelen og trø lett rundt.