Miksjonscystografi
Røntgen av urinblære og urinrøyr hos barn
Dette er ei røntgenundersøking der vi bruker kontrast for å framstille blæra og urinrøyret.
Denne undersøkinga blir teken for å kartleggje funksjonen av blæra og kva som skjer når pasienten tissar, og barnet får eit tynt kateter i urinblæra som blir fylt med kontrastmiddel. Når blæra er full, skal barnet tisse på undersøkingsbenken medan vi tek bilete av urinvegane.
Tilvising og vurdering
Tilvising blir send frå legen til barnet.
