Behandling
Ryggoperasjon ved spinal stenose (forsnevret ryggkanal), nynorsk
Spinalstenose er ein tilstand kor det er redusert plass for nervevev i ryggen, enten i sjølve ryggmargskanalen eller der nerverøtene passerer ut frå ryggmargskanalen. Målet med operasjonen er å lage betre plass i ryggmargskanalen og dermed redusere plager.
Spinal stenose kan gi ulike plager og symptom. Typisk er smerter i rygg og i beina, verst når ein står og går og ofte betre når ein bøyer seg framover. Spinal stenose rammer oftast frå 40-års alderen og oppover, og er den vanlegaste årsaka til ryggkirurgi hos dei som er eldre enn 60 år.
Tilvising og vurdering
Fastlege tilviser til undersøking på poliklinikken.
Før
Hald deg i aktivitet heilt fram til operasjonen. Det er viktig å ha eit sunt og næringsrikt kosthald. Vi tilrår røykeslutt før og etter operasjonen.
Under
Operasjonen blir vanlegvis gjort i narkose. Vi nyttar ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2-4 cm langt snitt i huda på ryggen. Vi fjernar bein og bindevev slik at det blir betre plass i ryggmargskanalen.
Etter
Etter operasjonen blir du flytta til oppvakningsavdelinga. Der blir du i nokre timar, før du blir køyrt til sengepost. Dei fleste blir på sjukehuset 1 eller 2 dagar, men nokon kan reise same dag.
Ver merksam
Dersom du opplev at det renn væske frå operasjonssåret, at du får kraftsvikt i beina eller manglande kontroll over tissing/avføring, må du ta kontakt med avdelinga. Dersom det har gått meir enn 4 veker sidan operasjonen må du kontakte fastlegen.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Ortopedi, Haugesund
Ventetid: 8 - 20 uker
Ventetid: 8 - 20 uker
Kontakt Ortopedi, HaugesundOppmøtestad
1. etasjeHaugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund