Diagnose

Skulderlidingar

Det er mange ulike årsaker til skuldersmerter. Dei vanlegaste diagnosane er inneklemming eller andre problem med skuldersenene, frosen skulder eller muskelsmerter. Det finst fleire behandlingsmoglegheiter, som til dømes fysioterapi, eigentrening, legemiddel og nokre gonger operasjon.

Utgreiing

Du bli grundig undersøkt av lege ved første polikliniske konsultasjon. I løpet av denne undersøkinga vil rørsle i nakke og skuldrer, testing av muskelstyrke og diverse spesifikke testar bli utførte. Ofte vil dette vere tilstrekkeleg for å stille ein diagnose.

Ved behov blir det gjord ei tverrfagleg vurdering saman med fysioterapeut. I nokre tilfelle vil vi gjere supplerande undersøkingar som ultralyd, røntgen eller MR.

Behandling

Dei fleste skulderplagene skal behandlast med informasjon, råd og øvingar. Du vil få informasjon om tilstanden, forventa forløp og kva du kan gjere sjølv.

Tilrettelegging av arbeid kan vere aktuelt ein periode. Dei fleste pasientar vil ha behov for fysioterapi, og då er det rettleidd trening som er den best dokumenterte behandlinga. Rettleidd trening går ut på å korrigere haldnings- og rørslemønster og gi øvingar med gradvis progresjon.

Ved mykje smerter kan smertebehandling med medisinar vere aktuelt ein kort periode. Ved «frosen skulder» kan mange få tilbod om kortisoninjeksjon som er ei godt dokumentert behandling. Ved denne tilstanden er ein tilbakehalden med fysioterapi på grunn av sterke smerter.

Når behandling ikkje gir forventa betring av smerte og funksjon kan vurdering av kirurg vere aktuelt.

Oppfølging

Dei fleste pasientane blir betre med behandling i frå 6 veker til 12 veker og blir vanlegvis følgde opp i primærhelsetenesta. Ved usikker diagnose eller ved komplekse tilstandar der skuldersmertene er ein del av eit større bilete kan det vere aktuelt med oppfølging i spesialisthelsetenesta inntil diagnosen og den best eigna behandlinga er avklart.

Kontakt

Stord sjukehus Stord sjukehus

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
Stengt i helger og heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.