Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Snorkeoperasjon med radiobølgjeteknikk

Operasjonen vert kalla ganeplastikk, då vi gjer eit inngrep i den blaute ganen. Dette er anten for å få betre plass i munnhola, eller for å avstive den.

Før

Du treng ikkje vere fastande. Du vil før operasjonen startar få tablettar som skal dempe smerte og hevelse etter operasjonen. 

Du sit oppreist i ein stol under operasjonen. Det vert nytta lokalbedøving bak i svelget. Det vil kunne opplevast som om halsen vert noko tett. Dette er berre ei kjensle og ikkje noko farleg. Kjensla gjer seg etter ei stund.

Forkjøling/influensa kan hindre operasjon. Ta kontakt med poliklinikkendersom du er i sjuk.

Brukar du blodfortynnande medisinar som til dømes Marevan, Albyl- E, Plavix, Globoid eller Globemetyl, skal det avtalast på førehand korleis desse skal takast før og etter operasjonen. Dersom dette ikkje er avklara må du ta kontakt med ØNH-poliklinikk.

Under

Operasjonen vert utført dagkirurgisk på poliklinikken og varer om lag ein halv time. Den kan opplevast noko ubehagelig då vi opererer bak i svelget, noko som kan medføre ein del brekningar. Dette varierer frå person til person.

Du kan reise heim same dag som operasjonen er gjort. Du må nytte offentlig transportmiddel, eller få nokon til å køyre deg, då du ikkje kan køyre bil sjølv operasjonsdagen.

Etter

Etter operasjonen vil du få saftis og isbitar til å suge på. Ta med deg ei brødskive som du skal ete før du reiser heim. Ta også med deg ein termos som vi vil fylle med isbitar til heimreisa. Dersom alt går greitt, vil du kunne reise heim etter ein times tid.

Det er forventa smerter etter operasjonen og du kan oppleve nokre smertetoppar innan ein 14 dagars periode.
Ved vedvarande feber eller bløding som er meir enn bare nokre striper i spyttet, tek du kontakt med ØNH poliklinikk for råd.

Smertestillande:
Du får med deg resept på smertestillande tablettar ved behov.  Du får eventuelt resept på Penicillin som førebygging for å unngå infeksjon. Det kan og hjelpe på smertene å suge på isbitar.

Sjukmelding:
Sjukmelding etter operasjon er avhengig av omfanget, men inntil to veker er vanleg.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​