Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spinal stenose

Spinal stenose betyr «trong ryggmergskanal». Gjennomsnittsalderen for pasientar med spinal stenose er 65 år.

Årsaker og symptom

Spinal stenose kjem av trong ryggmergskanal eller spinalkanal. Ofte er det forårsaka av forkalkingar i ledda (spondylose), som fører til at spinalkanalen blir for trong og det blir dårleg plass for ryggmerg og/eller nerverøtter. Trongheten i ryggen kjem av fortjukking av leddband, forkalkingar på skivekantar, og gradvis degenerative forandringar i mellomvirvelskiver og fasettledd.

Ein veit ikkje heilt sikkert kvifor kvar enkelt får spinal stenose i ryggen. Fleire faktorar kan ha noko å seie. Arveleg disponering er sannsynleg den viktigaste enkeltfaktoren.

Spinal stenose gir som regel plager ut i beina i form av smerter, nummenhetsfølelse, delvis kraftsvikt og ryggsmerter. Plagene er som regel verst ved belastning når ein står eller går, og blir ofte betre når ein bøyer seg framover.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, for eksempel til bildeundersøkingar (MR, CT eller røntgen).

Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.

 

I tilvisingsteksten ønsker vi informasjon om:

  • namn og fødselsdato
  • vekt og høgde (dersom mogleg operasjonskandidat)
  • akutt skade eller snikande debut
  • symptom og varigheit
    • detaljert opplysningar om smerter: lokalisering, utstrålande, smerter andre stader?
    • svikt, låsninger eller tidlegare operasjonar?
  • funn ved klinisk undersøking:
    • rørsleutslag? hevelse? kraft? nerveutfall?
  • bildediagnostikk:
    • resultat av bildediagnostikk (MR), når og kvar er dette utført?
  • behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
  • ønsker pasienten operativt tilbod om det er aktuelt?
  • yrke og sjukmeldingsstatus
  • faste medikament
  • andre sjukdommar
  • behov for tolk
  • Generelt:  Arbeidsstatus, andre sjukdomar, medikament eller andre stimulantia (midler som auka funksjon eller aktivitet til eit av kroppens system).
  • Sjukehistorie: Varighet av symptom, smertelokalisasjon (rygg + utstråling) og grad av smerter. Funksjonsnivå inkludert gangdistanse, pareser (delvis eller ufullstendig lamming.).
  • Klinisk status: Nevrologisk status,  perifer sirkulasjon.
  • Andre undersøkingar: MR- funn, når og kvar MR er tatt.


Utredning

Behandling

Oppfølging

Ver merksam

Når bør du oppsøke hjelp?

  • Når sjukdomsbildet ditt forandrar seg og du kjenner deg utrygg på kva det kan vere.
  • Smertene er sterke og smertestillande tablettar eller avlasting av ryggen ikkje er nok. Smerter i seg sjølve er ikkje farleg og sjeldan eit uttrykk for noko alvorleg.
  • Du meirkar aukande problem med nedsett muskelkraft.
  • Du får problem med vasslatinga eller blir nomen i skrittet (det kan komme av ein stor prolaps og må opererast relativt raskt).

Skulle noko av dette oppstå, ta kontakt med fastlegen eller legevakta.

Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.