Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Språkvanskar (afasi)

Afasi er språkvanskar som kan oppstå etter sjukdom eller skade i hjernen.

Symptom

Hjernen har to hovudområde for språkfunksjon, eit fremre og eit bakre, som oftast på venstre side. Dersom eitt eller begge av desse språkområda blir skadde, kan ein miste tilgang til språket, eller ikkje ha like rask tilgang som ein hadde tidlegare.

Afasi kan gjere det vanskeleg å uttrykkje seg munnleg og skriftleg. Det kan vere vanskeleg å forstå kva andre seier, og det ein les.

Utgreiing

Oftast kjem afasi av hjerneslag (blodpropp eller bløding i hjernen), men det kan også komme etter hovudskadar, hjernesvulst eller andre sjukdommar.

Ein logoped har ulike testar og undersøkingar som kan finne ut om ein har afasi, i tillegg til ei heilskapleg vurdering av kommunikasjonsevna.

Behandling

Behandlinga består av eit tilpassa undervisningsopplegg. Det vil mellom anna bestå av ulike oppgåver der du skal bruke språket (både snakke, skrive, lese og forstå tale). Du og dine pårørande vil også få råd om korleis de best kan kommunisere.

Oppfølging

Afasi artar seg ulikt frå person til person. Somme har rask betring og merkar etter kvart berre litt forskjell frå før skaden. Andre kan ha større vanskar. Utviklinga kjem an på kva som er årsaka til språkvanskane. Betring kan også skje på lang sikt.

Det er vanskeleg å miste tilgang til språket. Det kan føre til endringar i forholdet til andre menneske, og kanskje også i forhold til arbeidslivet. I opplæringslova står det at du har rett til språktrening hos logoped også etter at du er skriven ut frå sjukehuset. Logopeden på sjukehuset hjelper deg med å søkje om dette.

Sist faglig oppdatert 30.04.2024

Kontakt

Stord sjukehus Rehabilitering og fysikalsk medisin

Kontakt Rehabilitering og fysikalsk medisin

Oppmøtestad

Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.