Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Spyttstein er ein stein som blir danna i ein utførselsgong frå ein av spyttkjertlane. Steindanninga kan gi blokkering av utførselsgongen, hevelse i kjertelen, smerter og eventuelt betennelser.
Fastlegen sender tilvising til øre-nese-hals-spesialist som igjen tilviser til operasjon.
Det er viktig at du er frisk før operasjon. Du bør ikkje ha oppkast eller feber. Ta kontakt om du er i tvil.
For å minske risikoen for infeksjonar må du dusje og vaske håret kvelden før operasjonen.
Dersom du bruker blodfortynnande medisin som Marevan og Albyl-E, og dette ikke er avklart på førehand, må du kontakte avdelinga seinast 10 dagar før operasjonen.
Du skal ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Lag ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset, og ta ho med deg til sjukehuset. Du kan ete frukost som vanleg. Det er fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar, piercing og parfyme.
Sjølve operasjonen blir gjort i lokalbebedøving, og varer frå 30 minutt til 1 time.
Lokalbedøvinga vil gå ut eit par timar etter operasjonen. Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter inngrepet. Dersom du har smerter etter heimreise, kan du ta smertestillande tablettar som Paracetamol eller Ibux. Følg doseringa som er anbefalt på pakken.
For å minske risikoen for bløding skal du halde deg i ro operasjonsdagen etter inngrepet. Ikkje ta del i trening eller anna tung fysisk aktivitet på operasjonsdagen og dagen etter.
Mat og drikke skal vere avkjølt eller kald operasjonsdagen for å minske ubehag og risiko for blødning. Du bør vente med å ete eit par timar, til lokalbedøvinga er gått ut.
Vi anbefaler deg å skylje munnen med vatn etter måltid i nokon dagar etter operasjonen. Dette for at matrester ikkje skal leggje seg i såret.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund