Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ustekinumab

Stelara – til deg som skal starte behandling

Du har ein betennelsessjukdom i tarmen som treng behandling. Det er vedtatt å starte med medikamentet Stelara, og her får du litt informasjon om kva det inneber.

Kva er Stelara?

Stelara (verkestoffet heiter ustekinumab) er ein såkalla interleukin-hemmer. Dette er eit preparat som verkar spesifikt inn på immunsystemet og hemmar betennelsesdrivande molekyl (interleukin 12 og 23). Dermed blir betennelsesaktiviteten dempa som gir plagsame symptom. Det finst fleire medikament i denne gruppa – kalla «biologiske legemiddel».

Utgreiing før oppstart

Stelara gir ei viss hemming av immunsystemet som inneber moglege biverknader og komplikasjonar som det er viktig å fange opp. Hemminga av immunsystemet kan medføre at «sovande» infeksjonar blussar opp, eller at nye infeksjonar rammar kraftigare eller varer lenger enn vanleg.

Derfor er det nødvendig å ta nokre førebuande prøver før ein startar behandlinga. Dette inneber blodprøver, inkludert ein test for å sjekke at du ikkje har tuberkulosebakteriar i kroppen (Quantiferontest), og i nokon tilfelle eit røntgenbilde av lungene. Det er viktig at du informerer legen dersom du tidlegare har fått behandling for tuberkulose. I tillegg testar ein alle rutinemessig for nokre virussjukdommar (blant anna hepatitt og HIV).

Andre viktige tilstandar

Som eit ledd i førebuingane vil også legen undersøke deg for å påvise andre tilstandar som kan ha noko å seie, for eksempel

  • annan organsvikt
  • kreftsjukdom
  • pågåande infeksjon
  • graviditet

Graviditet og amming

Det manglar foreløpig dokumentasjon for bruk av Stelara under graviditet. Så langt er det ikkje påvist uheldige effektar på fosteret. Behandling i svangerskapet blir vurdert i kvart enkelt tilfelle opp mot risikoen ved aktiv alvorleg tarmsjukdom, som i seg sjølv kan skade fosteret. Det er lite kjent om Stelara går over i morsmjølk, truleg i svært lita grad. I utgangspunktet bør ein vere tilbakehalden med amming under Stelarabehandling, men dette kan drøftast med legen i kvart enkelt tilfelle.

NB! Ved biologisk behandling i svangerskapet bør barnet ikkje få levande Rotavirusvaksine (blir vanlegvis gitt innan 3–4 månader etter fødsel).

Vaksiner

Følgande vaksinar er anbefalte om du blir behandla med Stelara:

  • Influensavaksine – bør takast kvart år. Du får vaksinen hos fastlegen.
  • Pneumokokkvaksine – mot lungebetennelse. Du får vaksinen hos fastlegen.
  • Difteri-stivkrampe-polio-kikhoste vaksine (DTP-IPV) blir anbefalt kvart 10. år. Du får vaksinen hos fastlegen.
  • Herpes zoster vaksine (Shingrix, inaktivert vaksine) – skal takast i to dosar, første gong helst 2–3 veker før oppstart biologisk behandling, andre dose 4–8 veker etter første vaksinedose.
  • Varicellavaksine (vasskoppar) – blir anbefalt dersom Varicella zoster-prøven viser at du ikkje har immunitet mot vasskoppar. Vasskoppar kan vere alvorleg ved nedsett immunforsvar. Behandlande gastrolege tar dette opp med deg dersom det skulle vere aktuelt.
  • Koronavaksine – Følge folkehelseinstituttet sine oppfordringar. Du får vaksinen hos fastlegen.Under Stelarabehandling bør vaksinar (ikkje levande) settast midt mellom to dosar.

NB! Du må ikkje vaksinerast med levande vaksinar så lenge du får Stelara. Levande vaksinar må takast seinast 3 veker før oppstart eller 3 månader etter avslutta behandling. Levande vaksinar inkluderer BCG, MMR, gul feber, polio oral og tyfus oral.

Praktisk gjennomføring av behandlinga

Når alle dei førebuande prøvene er tatte og svara vurderte av legen, blir du kalla inn til oppstart. Første dose blir gitt intravenøst og blir derfor gitt på dagposten. Etter dette blir Stelara gitt som sprøyte og blir sett i underhuda i mageregionen eller lår kvar 8. veke. Dette intervallet kan i nokre tilfelle endrast i samråd med lege.

I starten får ein opplæring i korleis dette blir gjort, og så set ein etter kvart medikamentet sjølv heime. Sprøyta blir fått på resept, og det er viktig at du hentar ut og tar med første sprøyte når du kjem til opplæring på poliklinikken. Stelara er bestillingsvare, kontakt derfor apoteket i god tid.

Kontrollar

Du blir følgt opp regelmessig ved poliklinikken, vanlegvis kvar 3.–6. månad i starten. Konsultasjonane går ofte vekselvis føre seg hos lege og sjukepleiar. Blodprøver, blant anna hemoglobin og CRP (hurtigsenking), blir tatt ved kvar konsultasjon. Dersom blodprøver må takast i forkant av konsultasjon, vil du få beskjed om dette. Dersom du tar desse på fastlegekontoret ditt, må dei takast 2 dagar i forkant av konsultasjon.

Kalprotektin i avføring bør sendast inn regelmessig under oppstart av behandling og i periodar med aktiv sjukdom. Om behandlinga verkar bra blir anbefalt at du sender ei prøve cirka kvar 3. månad det første året ein blir behandla. Deretter er kalprotektinprøve kvar 6. månad tilstrekkeleg, og elles etter avtale med legen. Utstyr til prøvetaking kan du få med deg frå gastropoliklinikken. Prøva bør takast på morgonen.

Behandlingsvarigheit

Det finst ikkje klare retningslinjer for kor lenge Stelarabehandling bør vare. I utgangspunktet blir behandling planlagd i minst eitt år, og behandlinga kan fortsette i fleire år ved god effekt. Har ein ikkje overbevisande effekt dei første 3 månadene vil behandlande lege vanlegvis avslutte behandlinga. Behandling kan også vurderast avslutta dersom ein er heilt symptomfri og har fine blodprøver og avføringsprøver i dei siste 6 månadene.  

Reaksjonar på medikamentet

Dei fleste toler medikamentet godt. Stelara kan gi raude, hevelse og kløe/svie på innstikkstaden. Andre reaksjonar er sjeldne.

Andre biverknader og forholdsreglar

Sidan Stelara gir ei viss hemming av immunsystemet vil du kunne bli meir mottakeleg for infeksjonar, for eksempel  i luftvegar (forkjøling, halsbetennelse, biholebetennelse, lungebetennelse) og urinvegar (blærekatarr).

Det er viktig å oppsøke lege (vanlegvis fastlegen) ved mistanke om infeksjon, sjølv om den er mindre alvorleg, slik at ein kan bli undersøkt og eventuelt bli behandla tidleg. Teikn på infeksjon kan vere feber, vedvarande hoste, kortpustaheit, vekttap, nattesveitte, diaré, sår/utslett, tannproblem, svie ved vasslating eller influensaliknande symptom. Om ein ikkje får tak i fastlegen kan ein oppsøke legevakta, ring eventuelt gastropoliklinikken.

Ved mistanke om pågåande infeksjon er det aktuelt å stoppe  Stelara-behandlinga mellombels. Føresegna om å utsette behandlinga nokre dagar bør takast i samråd med lege på gastroavdelingen.  

Sist faglig oppdatert 10.09.2024

Kontakt

  • Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

    Oppmøtestad

    Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

    Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  