Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Tårevegsoperasjon (DCR) er aktuelt ved heilt tett tårekanal eller når tidlegare forsøkt oppstaking/sondering av trong kanal ikkje har løyst problemet. Ved operasjonen blir det laga eit hol gjennom nasebeinet, og slimhinna blir sydd som ei kopling mellom tåresekken og naseslimhinna.
Auget må drenerast for den nødvendige fuktgivande tårevæska via to tynne kanalar i kvart lokk som møtest i tåresekken og vidare ned til nedre del av nasehòla. Vanlegaste stad for hinder er etter/nedanfor tåresekken. Den mest eigna staden for ei anna rute for tårene er gjennom den tynne delen av nasebeinet innanfor sekken. Der blir det ved denne operasjonen (DCR) laga ein ny slimhinnetunnel gjennom eit nylaga hol i beinet. Dette skjer oftast via eit arbeidshol i huda.
Dei fleste operasjonar blir utførte i lokalbedøving. Barn blir opererte i narkose.
Andre aktuelle inngrep mot tåreflod kan vere korreksjon av augelokkstillinga (ut-/innvrengt eller slakt). Det kan også vere tronge tårepunkt, tronge kanalar i augelokkdelen eller berre middels tronge kanalar. For desse tilstandane blir nødvendig stillingskorreksjon utført, eller ein trer inn eit dren som skal ligge i den originale tårekanalen for ein periode (3 eller 6 månadar). Etter enda behandlingstid blir så drenet teke ut igjen og kanalen er meir rommeleg.
Ein lege bør undersøke om tårekanalen er tett. Dei fleste stadar blir dette gjort av augelege. Det er ønskeleg at augespesialist utanfor sjukehuset utfører denne tårekanalskyllnga, slik at dei som kjem til sjukehuset for denne operasjonen verkeleg har tett kanal.
Dersom utgreiinga er gjord slik og informasjon er gitt om type inngrep, kan pasienten stå i kø for operasjon frå starten, ikkje først i kø for undersøking.
Ved tvil om tett kanal eller om andre inngrep bør utførast, er det naturleg og bra at pasienten blir tilvist til undersøking ved sjukehuset først. Dette vil då forlenge den totale ventetida.
Det trengst 20–30 minutt for at generelt roande Valium (under tunga) skal verke. Eventuelt 60 minutt for Sobril (panikkangstdempande). Gi beskjed til sjukepleiar raskt etter oppmøte dersom det ikkje er avtalt på førehand.
Du får bedøvande dropar i begge auga, og huda rundt auget blir desinfisert. Du får tilbod om ein roande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet. Området rundt auget blir så dekt til med ein steril duk.
Legen set lokal bedøving i nasen (spray og tøystrimmel), ved nasen og ved auget. Dette kan vere ubehageleg og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du lite smerte.
Operasjonen tek kring 1,5 timar, og det er viktig at du ligg roleg under operasjonen. Vi hjelper deg til rette undervegs.
På operasjonsdagen må du ta det med ro. Det er viktig at du ikkje snyter deg, berre dreg slim inn og spyttar, elles kan det komme luft inn under huda. Dette gjeld i 4–5 dagar, deretter kan du snyte deg som vanleg.
Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt, gjerne med fleire puter under hovudet.
Unngå svært varme drikker, kaffi og te, resten av operasjonsdagen, fordi såret kan blø på nytt innvendig når slimhinna blir utvida av varme.
Du bør ikkje køyre bil operasjonsdagen.
Du bør ikkje bøye deg langt framover dei første 2–3 dagane etter operasjonen.
Unngå å gni på huda og hald såra tørre.
Ver varsam ved dusj og hårvask slik at du ikkje får skyllevatnet i såret. Augesminke blir ikkje tilrådd før stinga er fjerna. Unngå hard fysisk aktivitet den første veka etter operasjonen.
Operasjonen gir mellombels misfarging av huda (gul/blå). Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter nokre veker. Somme kan oppleve smerter eller ubehag etter operasjonen. Bruk eventuelt vanleg smertestillande som for eksempel Paracet.
Stinga blir fjerna etter rundt 7 dagar. Dette kan anten gjerast hos fastlegen eller eventuelt ved poliklinikken til augeavdelinga. Dette blir avtalt med legen.
Du bør ta det roleg i 3–5 dagar. Ofte vil ei sjukmelding i 5–7 dagar vere aktuelt dersom du ikkje har ein fysisk roleg arbeidssituasjon. Ved behov for sjukmelding får du det etter operasjonen.
Bløding og infeksjon er uvanleg. Ta kontakt med avdelinga som opererte deg, ved bløding eller mistanke om infeksjon.
Ventetid: 16 uker
Kontakt ØyeavdelingaDu finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen. Når du kjem ut av heisen, går du til høgre og følgjer gangen til ventesone 4C.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund