Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Testikkelkreft

Testikkelkreft er ein av dei hyppigaste kreftformene hos unge menn i dag. Sjukdommen opptrer oftast i 20–40 års alder og har ein svært god prognose med moderne behandling.

Testikkelkreft (Cancer testis) oppstår vanligvis som en smertefri, ensidig kul på testikkelen som pasienten oftest oppdager selv. En av fem med testikkelkreft har smerter i pungen som første symptom.

Les meir på helsenorge.no

Forekomst

Det finst to hovudtypar testikkelkreft: seminom og non-seminom. Testikkelkreft rammar vanlegvis unge menn, men kan førekomme hos alle menn etter puberteten. Gjennomsnittsalderen ved seminom er 35 år, mens den ved non-seminom er 28 år.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiinga og behandlinga, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider. 

Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga. 


Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Utredning

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
 
Ved mistanke om kreft blir det tatt ultralyd av pungen, i tillegg til blodprøver. Du skal også igjennom ei klinisk undersøking av pungen (skrotum) samt ei generell klinisk undersøking. Ofte vil det også vere aktuelt med andre undersøkingar som CT før vi vurderer operasjon med fjerning av testikkelen.
 
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og det blir stilt ei diagnose. Dersom du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
 

Det kan bli tatt vevsprøve av den friske testikkelen dersom det er testikkelkreft i familien, ved sterilitet (infertilitet) eller dersom testikkelen er svært liten.
 
Det blir også tatt prøve av spermiane med tanke på å fryse ned sæd før behandling. Dette gjer vi for at du skal kunne ha mogeligheit til å bli far seinere i livet.    



​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

 

 

Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi nå kva behandling som er best for deg. Ei avgjerd om behandling tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 
For pasientar med testikkelkreft der testikkelen er fjerna, vil det for nokre vere aktuelt med cellegift eller strålebehandling. Nokre pasientar blir følgt opp utan meir behandling (aktiv overvaking). Behandling av testikkelkreft avheng av kva type kreft det er, ved kva stadium sjukdommen er, og kor utbreidd den er.

Pasientar utan teikn til spreiing (stadium 1)

Når det gjeld den vidare behandlinga av sjukdommen din (etter fjerning av testikkelen), har vi to alternativ: Aktiv overvåking eller førebyggjande cellegiftbehandling.

Pasientar med spreiing av testikkelkreft, og pasientar i stadium 1 som får tilbakefall av sjukdommen

Cellegiftbehandling eller fjerning av lymfekjertlar.
I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å behandle testikkelkreften med stråling. 

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der ein ikkje kan kurere sjukdommen, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomforebygging og symptomlindring.
 
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.





 

Oppfølging

Etter gjennomført behandling får du tett oppfølging av legeundersøkingar, MR/røntgen og blodprøver. Kontrollane følger internasjonale retningslinjer og blir gjennomført i fem til ti år etter avslutta behandling.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.






Sist faglig oppdatert 23.04.2021

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.