Dersom du elles er frisk trengst det vanlegvis ingen spesielle prøvar eller undersøkingar før tilvisinga.
Trang forhud
Trong forhud er ei relativt vanleg liding. Den kan vere medfødd, eller av ulike årsaker oppstå i ung eller vaksen alder. Det medfører sjeldan problem, krev vanlegvis ikkje behandling, og blir ofte betra i løpet av puberteten. Trong forhud hos vaksne blir behandla dersom han gir plagsame problem eller symptom.
Symptom
Tilstanden inneber at forhuda ikkje kan trekkjast tilbake over penishovudet når penis er slapp, eller at forhuda strammar over penishovudet i erigert tilstand. Dette kan medføre problem med hygiene, smertar ved samleie, sprekkdanning og betennelse i forhuda, og i sjeldne tilfelle vannlatingsbesvær.
Dette kan du gjera sjølv
Har du trong forhud kan du prøve å smørje forhuda di inn med ein krem som inneheld kortison, og så prøve å tøye forhuda ved å trekkje den tilbake, morgon og kveld i 6-8 veker.
Tilvising og vurdering
Fastlegen din kan vise deg til urologisk poliklinikk. Etter at tilvisinga er vurdert av spesialist i urologi, blir du innkalla til samtale og undersøking. Dersom det blir bestemt at du skal opererast, blir som regel dei nødvendige opplysningane innhenta, og du får innkalling til operasjon.
Utgreiing
Behandling
Behandlinga for trong forhud kan innebere spalting eller fjerning av delar eller heile forhuda. Ein slik operasjon blir vanlegvis gjord i lokalbedøving hos vaksne, eller i narkose hos barn. Sjølve operasjonen medfører vanlegvis lite smerter.
Oppfølging
Det er inga spesiell oppfølging etter denne behandlinga.

