Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tuberkulose

Tuberkulose (TB) er ein infeksjonssjukdom som er forårsaka av ein bakterie. Smitte skjer normalt via lufta, oftast ved at sjuke personar hostar og at dropar med bakteriar blir inhalerte av friske personar. Ein reknar med at ein firedel av befolkninga i verda er smitta, men berre nokre få av dei som er smitta, blir sjuke. Tuberkulose er ein sjukdom som kan behandlast, og dei aller fleste blir heilt friske. I Noreg er utgreiing, behandling og kontroll av tuberkulose gratis.

– du blir frisk av tuberkulose!

En gruppe mennesker som poserer for et bilde, tegning.

Illustrasjon: Alle bilder: LHL International

Det finst menneske med tuberkulose i alle land. I Noreg er det lite tuberkulose nå, men for hundre år sidan var det mykje tuberkulose i Noreg. Tuberkulose er mest utbreidd i Asia, Afrika, Latin-Amerika og Aust-Europa. Alle som kjem frå land der det er mykje tuberkulose, må derfor undersøkast for TB kort tid etter at dei har kome til Noreg.

I Noreg har vi ein eigen Tuberkuloseforskrift og Tuberkuloserettleiar. Det er eit mål å ha så lite smitte som mogleg i befolkninga og kartlegge dei som er smitta, slik at vi kan tilby førebyggande behandling til dei som dette er anbefalt for. Det er også eit mål å oppdage tuberkulosesjukdom, slik at sjuke personar kan få behandling. Da unngår vi at dei kan smitte andre.

Du må undersøkast for tuberkulose om du:

  • er frå land med mykje tuberkulose og skal vere meir enn 3 månader i Noreg
  • er flyktning eller asylsøkar
  • skal jobbe med barn eller sjuke og har vore minst 3 månader i land med høg førekomst av tuberkulose. Dette gjeld også studentar, hospitantar og au pairar.
  • har vore utsett for tuberkulosesmitte

Vanlege symptom (teikn) på tuberkulose er:

  • langvarig hoste (over tre veker), etter kvart med oppspytt. Smerter i brystet.
  • ⁠går ned i vekt, mistar matlyst.
  • ⁠kjenner seg svak og trøytt
  • ⁠feber over noko tid
  • nattsveitte
  • ⁠hevelse eller kul på halsen, i lysken eller under armane.

Mindre vanlege symptom

  • brystsmerte
  • tungpust
  • oppspytt med blod i

Tuberkulose i andre organ enn lungene kan gi symptom frå desse organa. For eksempel vil tuberkulose i lymfekjertlane kunne gi store kjertlar.

Barn kan ha andre symptom på tuberkulose enn vaksne

  • søv mykje og orkar mindre
  • et lite
  • går lite opp i vekt
  • sveittar om natta

Barn med tuberkulose hostar sjeldan.

Barn som søv med hovudet på armane på eit bord.

Kva gjer du for å finne ut om du har tuberkulose?

Desse symptoma er også vanlege symptom på nokre andre sjukdommar, så for å vere sikre på at det er tuberkulose du har, må du undersøkast på fleire måtar. Alle som har eitt eller fleire av desse symptoma, bør gå til lege!

Om du mistenker at du eller nokon du kjenner har tuberkulose, bør du oppsøke fastlegen, legevakta eller helsetenesta med ansvar for smittevern i kommunen du bur i, så snart som mogleg.

Meir informasjon om symptom på fleire språk (fhi.no)
More information about symptoms, in more languages (fhi.no)  

Sjå denne filmen:

Denne videoen er tilgjengeleg på mange språk:
This video is available in many languaes:

Amharic  Arabic  Dari  English  French  Pashto  Romanian  Russian Somali  Tigrinua Ukrainian  Urdu  Vietnamese

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om tuberkulosesjukdom: Tilvis som akutthjelp til sjukehus.

Det bør nyttast eigen mal frå FHI for tilvising etter tuberkuloseundersøking eller ved utgreiing for TB sjukdom:

Tilvising etter tuberkuloseundersøking i kommunen

Alle tilvisingar bør innehalde

  • aktuell sjukehistorie
  • relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
  • kliniske funn
  • resultat av relevante tilleggsundersøkingar
  • oppdatert medikamentoversikt

Hugs

  • Oppgi mobilnummer til pasienten og helst også til pårørande/kontaktperson.

  • Behov for tolk? Dersom ja, på kva språk?

  • Ved tilvising av barn eller av pasientar utan samtykkekompetanse – kontaktinformasjon til føresette

  • Ved smittesporing: Angi smittegrada og resistensmønsteret til indekspasienten, beskriv den smitteeksponertes sårbarheit og den smitteeksponertes kontakt med indekspasienten.

    OBS! Telefonisk kontakt med spesialist same dag dersom barn 0–5 år eller smitteeksponerte med kjent alvorleg immunsvekking er nærkontaktar, og indekspasienten er positiv på direkte mikroskopi av luftvegsmateriale.

For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta:

Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta, Helsedirektoratet.

Detaljerte reglar for korleis å kontrollere og kven som skal tilvisast, finst på fhi.no:

Verktøy for helsepersonell (Dokumentasjons- og tilvisingsskjema, flytskjema, rapportskjema, behandlingsplanar og malar.)

Tilvising til tuberkuloseundersøking, før oppstart DMARD

Utredning

Behandling

Oppfølging

Kontakt

  • Kontakt Lunge poliklinikk

    Oppmøtestad

    Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.
    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Hemato/endo/infeksjon sengepost

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 5. etasje på Haugesund sjukehus (vestblokka). Ta heisen ved Narvesen-kiosken for å kome til oss. 

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30