Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
OCT (optical coherence tomography) er ei undersøking som tar eit tverrsnittbilde av netthinna, og måler tjukkleiken til dei ulike laga i netthinna. Bilda kan gi svært detaljert informasjon om blant anna skarpsynsområdet av netthinna (makula) og synsnerven.
Som regel er det ønskeleg at pupillen til auget er utvida ved denne undersøkinga. Du får augedropar som gjer pupillane store. Slik får vi betre innsyn til netthinna. Det tar omtrent 20 minutt før dropane verkar.
Når dropane har fått tid til å verke, tar sjukepleiar OCT-bilde av augebotnen (netthinna). Du skal sitte i ein stol med haka på hakestøtta til apparatet og panna godt inntil pannestøtta. Du får beskjed om å sjå på eit lysande kryss inne i apparatet. Det er viktig at du opnar auget godt, og at du held blikket heilt roleg. Du får beskjed om ikkje å blunke med auget dei sekunda det tar å få tatt bildet.
Etter undersøkinga kan du bli sensitiv for lys og få lett sløra syn fordi pupillen er utvida. Er det sol ute, kan det vere lurt å ta med solbriller.
Du finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen. Når du kjem ut av heisen, går du til høgre og følgjer gangen til ventesone 4C.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund