Inngrepet blir stort sett gjort som dagbehandling, det vil seie utan at ein treng innlegging i sjukehus. For enkelte kan det bli nødvendig med eit opphald i samband med inngrepet.
Dei fleste pasientar blir operert i narkose. Større barn og ungdomar får tilbod om å gjere inngrepet med lokalbedøving. Pasienten må uansett vere fastande frå mat/drikke/tyggegummi/drops eller anna frå kl 00.00 natta før operasjonen. Du kan drikke klare væsker (saft/vatn) inntil 2 timar før oppmøte.
Legen som skal operere tar eit bilde av øyrene før operasjonen, og informerer nærare om kva som skal skje under inngrepet. Det er ingen garanti for at operasjonen vil gi heilt symmetriske øyrer.