Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vedolizumabbehandling

Du har ein betennelsessjukdom i tarmen som treng behandling. Det er tatt ei avgjerd om å starte med medikamentet Entyvio, og her får du litt informasjon om kva det inneber.

Kva er Entyvio?

Entyvio (verkestoffet er vedolizumab) er eit såkalla «anti-integrin». Betennelsen i tarmveggen vil tiltrekke stadig fleire kvite blodlekamar som igjen skaper meir betennelse. Entyvio blokkerer eit molekyl (integrin) på kvite blodlekamar i blodet. Dermed kan ikkje kvite blodlekamar på veg til tarmen hekte seg fast til blodåreveggen og komme seg ut i tarmveggen og til betennelsen. På denne måten blir betennelsesreaksjonen hemma, og sjukdomsaktiviteten blir redusert. Entyvio påverkar berre ein avgrensa del av kvite blodlekamar og klarer ikkje å fjerne kvite blodlekamar som alt finst i tarmveggen. Derfor tar det ofte fleire månader før ein når full effekt. Vedolizumab tilhøyrer medikamentgruppa «biologiske legemiddel».
 
Utgreiing før oppstart

Entyvio gir ei viss hemming av immunsystemet som inneber moglege biverknadar og komplikasjonar som det er viktig å fange opp. Hemminga av immunsystemet kan medføre at «sovande» infeksjonar blussar opp igjen, eller at nye infeksjonar rammar kraftigare eller varer lengre enn vanleg. Derfor er det nødvendig å ta nokre førebuande prøvar før ein startar behandlinga. Dette inneber blodprøvar, inkludert ein test for å sjekke at du ikkje har tuberkulosebakteriar i kroppen (Quantiferontest), og i nokre tilfelle eit røntgenbilde av lungene. Det er viktig at du informerer legen dersom du tidlegare har fått behandling for tuberkulose. I tillegg blir alle testa rutinemessig for nokre virussjukdommar (mellom anna hepatitt og HIV).

Andre viktige tilstandar 

Før behandlinga strartar blir du undersøkt for andre tilstandar som kan påverke valg av behandling, for eksempel:
  • Alvorleg hjartesvikt
  • Annan organsvikt
  • Kreftsjukdommar
  • Pågåande infeksjon
  • Multippel sklerose
  • Graviditet

Graviditet og amming

Ein har foreløpig ikkje nok kunnskap og erfaring med bruk av Entyvion under graviditet og amming. Sjølv om det ikkje er påvist fosterskadelege effektar, vil ein berre vurdere behandling med Entyvio under graviditet dersom det er aktiv sjukdom eller stor risiko for tilbakefall ved behandlingsstopp. Vurderinga blir gjort individuelt. 
 
Ubehandla aktiv sjukdom under graviditet utgjer sannsynlegvis ein betrakteleg større risiko for fosteret. 
 
Amming: Ein har foreløpig ikkje data på overgang i morsmjølk. Sannsynlegvis vil nivået vere lågt, og risiko for påverknad av barnet vil vere liten. 
 
NB! Ved biologisk behandling i svangerskapet bør barnet ikkje få levande rotavirusvaksine (blir vanlegvis gitt innan tre til fire månader etter fødsel). 

Vaksinar

Følgande vaksinarer anbefalt om du blir behandla med Entyvio : 
  • Influensavaksine. Bør bli tatt årleg hos fastlegen. 
  • Pneumokokkvaksine - mot lungebetennelse. Takast hos fastlegen. 
  • Difteri-stivkrampe-polio-kikhoste vaksine (DTP-IPV) - blir anbefalt kvart 10. år. Takast hos fastlegen .
  • Herpes zoster vaksine (Shingrix, inaktivert vaksine) – takast i to dosar, første gong helst 2-3 veker før oppstart biologisk behandling, andre dose 4-8 veker etter første vaksinedose. 
  • Varicellavaksine (vasskoppar) – blir anbefalt dersom Varicella zoster-prøven viser at du ikkje har immunitet pga. at vasskoppar kan vere alvorleg ved nedsett immunforsvar. Behandlande gastrolege tar dette opp med deg dersom det skulle vere aktuelt. 
  • Koronavaksine – følg folkehelseinstituttet sine anbefalingar. Takast hos fastlegen

Under Entyviobehandling bør vaksinar (ikkje levande) settast midt mellom to dosar.

NB! Ikkje ta levande vaksinar så lenge du blir behandla med Entyvio. Levande vaksinar (BCG, MMR, gul feber, polio oral og tyfus oral) må bli tatt seinast tre veker før oppstart eller tre månader etter avslutta behandling.

Praktisk gjennomføring av behandlinga

Når alle dei førebuande prøvene er tatt, og svara er vurdert, blir du kalla inn til ein oppstartskonsultasjon hos ein sjukepleiar. Der får du meir informasjon om korleis behandlinga går føre seg.  
 
Medikamentet blir gitt som ein infusjon i armen, intravenøst via ei infusjonspumpe. 
 
Behandlinga går føre seg på eit eige behandlingsrom, der ein sjukepleiar vil sjekke blodprøvene, stille rutinemessige spørsmål om sjukdomsaktiviteten og deretter gi medikamentet. 
 
Du får behandling tre gonger i løpet av dei første seks vekene (veke 0-2-6), deretter vanlegvis kvar åttande veke. Behandlingsintervallet kan bli endra etter kvart ut frå behandlingsresponsen. Det tar 30 minutt å gjere klar Entyvio, og infusjonen blir så gitt over 30 minutt. Etter dei første to behandlingane er det ei observasjonstid på to timar for å sjekke om du får reaksjonar på medikamentet. Deretter blir observasjonstida korta ned til ein time. Frå tredje behandling trengs ingen observasjon etter behandlinga er gitt.

Kontroller

Vanlegvis kjem du til konsultasjon hos sjukepleiar kvar åttande veke i forbindelse med Entyvio-infusjonane. Konsultasjon hos lege blir avtalt fire til tolv veker etter oppstart av behandlinga.

Rutineblodprøver, blant anna hemoglobin og CRP (hurtigsenking), blir tatt før kvar behandling med Entyvio. Dersom du må ta blodprøver før konsultasjonen vil du få beskjed om dette. Om du tar blodprøvene hos fastlegen, må du ta dei to dagar i forkant av Entyvio-infusjonen. Blodprøve-resultatet må vere kjent Du får skjema for blodprøvetaking på førehand, og prøvene kan bli tatt på fastlegekontoret ditt to dagar før eller på sjukehuset dagen før infusjonen startar. Resultata frå blodprøvene må vere klare før behandlinga blir gitt. 

Vi ønsker også å måle konsentrasjonen av Entyvio i blodet for å sikre at du får høg nok dose, første gong etter 10 vekers behandling, deretter kvar sjette månad så lenge du får Entyvio. 

Avføringsprøve for å måle kalprotektin bør bli sendt inn om lag kvar tredje månad det første året for å følge behandlingsrespons. Deretter er det nok med prøve kvar sjette månad, eller etter avtale med legen. Utstyr til prøvetaking kan du hente på gastropoliklinikken eller få tilsendt ved førespurnad på telefon. 

Behandlingsvarigheit

Dersom Entyvio har effekt i løpet av tre til fire månaders bruk, vil behandlinga oftast fortsette i minst tolv månader for å halde sjukdommen under kontroll over tid. Behandlingsvarigheita for biologisk behandling som Entyvio er ikkje fastlagt utover dette, men ved god respons vil mange fortsette så lenge medikamentet har effekt, det vil seie i fleire år. 
 
Etter minst eitt års behandling kan ein vurdere å avslutte behandlinga dersom du har vore utan teikn til aktiv sjukdom (symptomfri med normale blodprøver og normal calprotectin i avføringa) dei siste seks månadene. 

Reaksjonar på medikamentet

Dei fleste tolererer medikamentet godt. Om lag ein av ti kan reagere på medikamentet og oppleve biverknader i forbindelse med infusjonen: 
  • Raudfarge/kløe i armen der infusjonen blir gitt 
  • Kuldekjensle, kvalme, svimmelheit og generell kløe 
  • Klem i brystet eller pustevanskar 
  • Seinreaksjon tre til ti dagar etter infusjon med feber, hovudverk, kvalme, leddsmerter, muskelsmerter, raudfarge i huda. Dette er sjeldan. 
  • Alvorlege allergiske reaksjonar er sjeldne

Andre biverknadar og forholdsreglar 

Sidan Entyvio gir noko nedsett immunforsvar, kan du bli meir mottakeleg for infeksjonar i luftvegane (forkjøling, halsbetennelse, biholebetennelse, lungebetennelse) og infeksjon i urinvegane (blærekatarr). Infeksjonar kan vere kraftigare enn ved upåverka immunsystem.
 
Alvorlege infeksjonar skjer svært sjeldan ved behandling med Entyvio. 
 
Det er viktig å ta kontakt med lege (som oftast fastlegen) ved mistanke om infeksjon, sjølv om den er mindre alvorleg, slik at du kan bli undersøkt og behandla tidleg. Teikn på infeksjon kan vere feber, vedvarande hoste, pustevanskar, vekttap, nattesveitte, diaré, sår / utslett, tannproblem, svie ved vasslating eller influensaliknande symptom. Om du ikkje får tak i fastlegen, kan du oppsøke legevakta eller ringe til gastropoliklinikk.
 
Ved infeksjon må biologisk behandling, som Entyvio, utsettast til du er infeksjonsfri. Dette vil bli vurdert av lege på gastroavdelinga.
Sist faglig oppdatert 01.10.2024

Kontakt

  • Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

    Oppmøtestad

    Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

    Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  