Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Veneport (VAP) er ein type kateter som blir brukt til å gi medisinar og væske.
Veneporten består av eit lite kammer som blir operert inn under huda på brystet. Kammeret har eit tynt kateter/slange som går til ei av dei store blodårene og er eit lukka system som gir svært god tilgang til blodbanen. Veneporten blir operert inn like under kragebeinet og dette blir gjort i lokalbedøving. Når dette er grodd kan ein kun kjenne veneporten som ei lita forhødning under huda.
Når du skal få væske eller medisinar i veneporten, blir det stukke ei tynn nål inn i kammeret på veneporten. Nåla blir kopla til eit infusjonssett. Etter at infusjonen er ferdig, blir nåla fjerna igjen. Sjølve stikkeprosedyren skal gjerast sterilt. Membranet i kammeret toler ca. 2000 stikk.
Ein veneport eignar seg godt dersom det er snakk om ein langvarig behandling som inneber hyppige blodprøver, administrering av medisinar eller væske/næring. Du kan ha veneporten i fleire år dersom det er nødvendig.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.
Sjølve inngrepet blir utført i lokalbedøving på ein operasjonssal.
Det er vanlegvis lite smerter i samband med inngrepet sett bort frå sjølve stikka når vi set lokalbedøvinga.
Sjølve inngrepet tar ca. 30 minutt.
Om du ikkje er innlagd av andre årsaker, kan du vanlegvis reise heim etter nokre timar.
For å hindre at veneporten går tett, er det eigne rutinar for skylling av VAP etter bruk. Dette vil du få informasjon om i samband med inngrepet.
Det er viktig at den/dei som skal handtere veneporten er kjent med prosedyrane for rett bruk. Dette må leggast til rette for i kvart enkelt tilfelle avhengig om det er sjukehuspersonell, heimesjukepleia eller du sjølv som administrerer bruken av veneporten.
Dersom såret over veneporten blir raudt, hovent eller smertefullt må du ta kontakt med fastlegen din eller avdelinga som har utført inngrepet, slik at ein får kontrollert såret og om det har utvikla seg ein infeksjon.
Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund