Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Disputas

Tok i bruk vaffeljern på vegen mot doktorgrad

Kva er samanhengen mellom fødselsvekt og redusert nyrefunksjon hos vaksne? Spørsmålet er utgangspunktet for doktorgrada til Bjørn Steinar Demma Lillås.

Magne Kydland
Publisert 03.06.2024
En mann med briller
Det er to år sidan sist ein forskarar frå Helse Fonna disputerte for doktorgrad. Fredag er det Bjørn Steinar Demma Lillås sin tur. Foto: Eirik Dankel

Det med vaffeljernet kjem vi tilbake til.

At ein forskar frå Helse Fonna disputerer for doktorgrad, skjer ikkje så ofte. Men første fredag i juni skal Lillås i elden. Det gjer han med avhandlinga «Impact of birth weight on kidney health in middle-aged adults: Results from the Haugesund Low Birth Weight Study». 

Kan fødselsvekt påvirke nyrefunksjonen også hos voksne? | Nye doktorgrader | UiB

Kva kan eg forske på?

– Eg veit ikkje når eg først fekk idéen om at eg kunne tenke meg å forske, og syntest lenge det var vanskeleg å komme i gang. Det syntest som om eg måtte ha alle spørsmåla på plass, men eigentleg hadde eg berre eitt spørsmål: Kva kan eg forske på?

Heldigvis dukka det i 2017 opp ein gyllen sjanse.

– Det var eit nokså ferdig prosjekt, med finansieringa på plass, men likevel moglegheit til å vere med å forme utvikla vidare, seier Lillås.

Noko som mangla i tidlegare studiar

Bakgrunnen for forskinga er tidlegare studiar, inkludert fleire studiar basert på medisinsk fødselsregister i Noreg, som har vist ein samanheng mellom låg fødselsvekt og redusert nyrefunksjon hos vaksne.

Men studiar som brukar målt glomerulær filtrasjonrate (mGFR) og/eller nyrevolum hos vaksne, mangla. 

Dette har Lillås undersøkt nærare. Han inviterte 200 personar med låg fødselsvekt (det vil seie fødselsvekt opp til 2300 gram) og 200 personar med normal fødselsvekt (mellom 3500 og 400 gram) til studien. 

Les om studiet og funna hos Universitetet i Bergen.

Bergen Open Research Archive: Impact of birth weight on kidney health in middle-aged adults : Results from the Haugesund Low Birth Weight Study (uib.no) 

Laga proteinvaflar

– Dette forskingsprosjektet har vore delvis klinisk retta, med ein del «hands-on», forklarar Lillås.

For å lære meir om korleis låg fødselsvekt kan påverke nyrefunksjonen hos vaksne inviterte forskarane deltakarane til å bli undersøkt med både konvensjonelle metodar, men også med ein noko annleis  undersøkingsmetode.

Som eit sideprosjekt blei det undersøkt korleis proteinshaker kunne brukast til å stresse nyrene, og på den måten måle nyrene sin reservefunksjon.

Det er her vaffeljernet kjem inn.

–  Vi gav dei ein ganske dryg mengde protein på kort tid. I utprøvinga av denne metoden testa vi blant anna ut eigenproduserte proteinvaflar. Akkurat dei vaflane blei ingen suksess…

Fleire burde prøve

Forskaren ser på mykje av vegen til doktorgrada som ei form for utdanning.

–  Eg har definitivt lært mykje om kva alle tala og omgrepa vi les om i vitskaplege artiklar faktisk betyr. Og så fekk eg «diverre» vere med å arbeide med persondata då GDPR blei innført, noko som skapte litt utfordringar. Det same gjorde covidnedstenginga.

Å ta del i forsking har vore ein annleis kvardag enn den kliniske, men også ein kvardag som er mogeleg å kombinere med klinikk.

–  Fleire burde prøve, oppmodar Lillås.

Lettare småstressa veke

Når helga kjem er disputasen over.

–  Følelsen av å gruglede seg er stor. Det blir gøy, men det skal også bli herleg å vere ferdig.

Han trur det skal gå bra, men legg likevel litt ekstra press på seg sjølv.

–  Eg  ønskjer likevel at alt skal vere perfekt.

Så ventar fortsettinga.

–  Livet som forskar så absolutt ikkje er over med dette, seier Lillås. 

Masse lukke til

– Frå heile Helse Fonna, ønskjer leiar i Avdeling for forsking og innovasjon, Haldis Økland Lier.

For solid forskingsaktivitet har mykje å bety, forklarar ho.

– Det har med kvalitet i pasientbehandling, det er rekrutterande og å få fleire medarbeidarar med doktorgrad er også ei viktig førebuing til Vestlandslegen. 

Kvifor det er viktig

– Klinikarar som gjennomfører doktorgradsarbeid i delt stilling mellom forsking og klinikk, slik Lillås her har gjort, viser at det er mogleg å drive med forsking hos oss.

Lier vil at fleire skal prøve.

– Eg håpar dette motiverer deg som har lyst til å starte eller delta i forskingsprosjekt. Forskinga blir slik også relevant for den kliniske verksemda.

Rosar den viktige tilrettelegginga

Å kombinere forsking og klinikk på ein god måte er viktig.

– Det er fantastisk å sjå korleis leiar her har lagt til rette for at ein kan gjennomføre doktorgradsarbeid i ei travel klinisk avdeling med knappe ressursar. Eg vil gi stor honnør til medisinsk klinikk. Dette er eit godt eksempel som vi håpar inspirerer, seier Lier.

Doktorgradar i Helse Fonna  

Det er ikkje kvar dag, eller rettare sagt år, at forskarar tilsette i Helse Fonna disputerer. Sist ut var Anna Gjerde og Flavia Paunas for to år sidan.

Har disputert for doktorgrad - Helse Fonna HF (helse-fonna.no) 

Håkon Magne Vegrim, som jobbar som LIS-lege ved Haugesund sjukehus disputerte førre veke med avhandlinga «High-Dose Folic Acid Use during Pregnancy and Cancer Risk in Mothers and Children with Focus on Maternal Epilepsy». Forskinga hans er finansiert av Universitetet i Bergen. 

Bruk av høydose folsyre i svangerskapet og risiko for kreft | Nye doktorgrader | UiB 

Ei liste med doktorgrader kreditert Helse Fonna, ligg på våre nettsider.

Forsking og innovasjon - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)