Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker i et rom

Gastrokirurgisk og urologisk sengepost

Vi tar hand om pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og pasientar som har blitt operert i fordøyingssystemet og urinvegane. Vi jobbar tett med Gastrokirurgisk poliklinikk og Urologisk poliklinikk.

Vi er ein stor sengepost som er delt inn i fire team. Tre av teama er øyremerka gastrokirurgiske pasientar og det fjerde teamet jobbar med urologiske pasientar. Vi varetar både planlagde og akutte innleggingar.

Ein stor del av pasientane våre er kreftpasientar i ulike stadium av sjukdomsforløpet. I tillegg har vi pasientar med andre gastrokirurgiske og urologiske tilstandar.  

Blant våre tilsette har vi spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar/helsepleiarar, sekretærar, gastrokirurgar og urologar og legar i spesialisering (LIS).

Våre poliklinikkar

Vi har lang erfaring med fedmeoperasjonar. Dette er ei behandling som gjeld personar med sjukeleg overvekt og som ønsker å gå ned i vekt, men som ikkje har lykkast etter gjentatte forsøk. Vi tilbyr overvektskirurgi med både gastric bypass og gastric sleeve.

Dei som vel å ta fedmeoperasjon blir tett følgd opp med konsultasjonar, kurs og eigne sjukepleiarar som følgjer dei opp gjennom ein femårig periode. Under opplæringsløpet jobbar vi med vektreduksjon, kosthald og ernæring.

Vi tilbyr informasjon, rettleiing og behandling til pasientar som treng eller har fått utlagt tarm (stomi) og pasientar med inkontinensproblematikk (ufrivillig lekkasje av urin eller avføring).

Les meir om Stomi (utlagt tarm) - Helse Fonna HF

Under opphaldet

Før du kjem må du hugse å ta med deg lette kleder, personlege hygieneartiklar og telefonladar. Du må bruke dine eigne kler når du skal ete i kantina. 

Når du blir utskriven, må du sjekke at du har pakka alle eigedelane dine. 

Slik er dagsplanen for deg som er innlagt på sengeposten.

  • Morgonstellet startar ca. klokka 7.30
  • Frukost frå klokka 8.00
  • Legevisitt frå klokka 9.00
  • Lunsj frå klokka 12.00
  • Middag frå klokka 15.00
  • Kveldsmat frå klokka 18.30

Måltid

Måltid blir servert i pasientkantine i 4. etasje, eller på rommet for dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå ut.

Opningstider kantine
  • Frukost: 08.00-09.30
  • Lunsj: 11.30-13.00
  • Middag: 14.30-15.30
  • Kveldsmat: 18.30-19.30

Ordinær besøkstid er mellom klokka 17.00 og 18.30 alle dagar.

Det er ønskeleg at ein hovudpårørande har kontakt med avdelinga, og at denne personen informerer andre pårørande viss dette lar seg gjere.

Besøke pasientar i isolasjon og rutinar for smittevern

Nokre av våre pasientar må vere i isolasjon grunna smittevernomsyn. Det betyr at dei ikkje kan forlate rommet sitt før dei er ferdig med behandlinga/før dei er smittefrie.

Viss du skal besøke ein pasient som er i isolasjon, må du ta kontakt med personalet i skranken. Vi skal rettleie deg i rutinane du må følgje for å beskytte deg mot smitte under besøket.  

Vi gjer pasientar merksame på at sjukehuset ikkje har ansvar for private eigedeler og verdisaker.

Stomi (utlagt tarm)

En stomi, eller utlagt tarm, er en kunstig åpning i bukveggen på magen, hvor tarmen er ført ut, vrengt og sydd fast til huden.

Stomi (utlagt tarm)
Diagram

Kontakt

Gastrokirurgisk og urologisk sengepost

Vi har døgnopent.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved Narvesen kiosken for raskaste veg.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Besøkstider Haugesund sjukehus

  • I dag 17:00 - 18:30

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.