Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Astmaskole

Astmaskolen er eit læringstilbod for deg som har astma, og for pårørande som ønskjer meir kunnskap. Astmaskolen skal hjelpe deg til å meistre kvardagen betre med ein lungesjukdom.

Astmaskolen består av tre delar:

Del 1: Informasjon

Du les innhaldet på denne nettsida og blir kjent med:

  • korleis lungene fungerer
  • kva astma inneber
  • korleis du kan puste i både gode og dårlege periodar

Del 2: Kursdagen

På kursdagen møter du opp fysisk på sjukehuset. Der får du eit kursopplegg med ulike foredrag.

Del 3: Heimelekse

I to veker emåler og registrerer du pusten din morgon og kveld.

Når vi har fått resultata dine, lagar vi ein behandlingsplan som er tilpassa akkurat deg.

Sist oppdatert 11.03.2026