Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allergi hos barn og unge

Det finst mange typar allergi som inneber at immunforsvaret til kroppen reagerer på naturlege og i utgangspunktet ufarlege stoff. Når du kjem til vår avdeling vil du først få ei grundig utgreiing omkring kva slags allergiske plager du har. Etter at dette er kartlagt kan vi starte behandlinga for å redusere, eller dersom mogleg, fjerne plagene.

Utredning

Det viktigaste i ei allergologisk utgreiing er ei grundig sjukehistorie. Dette skal gi ei oversikt over kva du er allergisk mot, kor lang tid det tar frå du er eskponert for allergenet til du får ein reaksjon og om det er typiske allergiske symptom.

Ulike testar som prikktest og blodprøvar blir brukt i tillegg til sjukehistorie og ei vanleg klinisk undersøking. Det er ikkje nokon testar som påviser ein allergi, men saman med sjukehistorien din kan det styrke ein allergidiagnose.

Det er ikkje anbefalt å ta blodprøvar utan ein grundig gjennomgang av sjukehistorien. Dette fordi blodprøvane kan vere positive utan at du har ein allergi, og du kan få feil diagnose og ein eller fleire matvarar blir fjerna frå kosthaldet utan at det er naudsynt.

Det er grunnlag for å ta blodprøve dersom du får typiske symptom på straksallergi frå minutt til timar etter inntak av ein matvare, eller ved moderat til alvorleg eksem som ikkje blir bedre ved behandling.

Ved nokre tilfelle er det naudsynt med ein såkalla provokasjon for endeleg avklaring.

 

Behandling

Behandling av avheng av kva ein er allergisk mot, og vanlegvis skal ein unngå å ete eller kome i kontakt med det ein er allergisk mot. Mange får også medikament dei skal ta fast eller i periodar for å unngå allergiplager. Dei som har fått ei alvorleg allergisk reaksjon tidlegare (anafylaktisk reaksjon), får adrenalin på resept (Epipen) som dei alltid skal ha med seg og bruke ved ny allergisk reaksjon. 

Les meir om anafylaktisk sjokk (helsenorge.no)

Nokre få skal ha allergivaksinasjon, og det er som regel med bruk av:

  • Sprøyte (som Alutard) mot pollen, midd, dyrehår, insekt. Dette skjer ved dagbehandling.
  • Tabletter (Grazax) mot gras.


Oppfølging

  • Ved samansatt matvareallergi vil det ofte vere aktuelt med oppfølging over ei periode hos spesialist, eventuelt hos ernæringsfysiolog.
  • Ved enklare allergiar, som enkelte matvarer, inhalasjonsallergiar (pelsdyr, pollen, midd osv.), kan som oftast eit behandlingsopplegg setjast i verk av spesialist og eventuelt oppfølging hos fastlege.
  • Ved alvorleg allergi (matvarar, insektgift evt. medikament), bør det utarbeidast skriftleg behandlingsplan for tiltak ved eksponering/symptom.
  • Ved allergivaksinasjon (se under punktet Behandlinger) vil det vere regelmessig oppfølging over 3 år hos spesialist, eventuelt mellomkontrollar hos fastlegen.
  • Generelt er prognosen for ein del matvareallergiar, spesielt allergi mot mjølk og egg, så god at det er fornuftig med regelmessig oppfølging hos lege til ein ser at dette går over.  Slik kan barnet unngå å ha spesialdiett lengre enn naudsynt.
Sist faglig oppdatert 06.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund