Dersom du har hatt ein alvorleg allergisk/anafylaktisk reaksjon, tilrår vi at du blir vist vidare for utgreiing hos spesialist med allergologisk kompetanse. Utgreiinga vil ofte innebere testar som kan påverkast av medisinar, til dømes allergimedisinar. Dersom det er nødvendig at du tek bort medisinar før utgreiinga, vil du få beskjed om dette.
Formålet med utgreiinga er å finne årsaka til den alvorlege allergiske reaksjonen slik at vi kan hjelpe deg med å førebyggje nye reaksjonar. Du vil også få opplæring i kva du skal gjere dersom ein ny reaksjon skulle oppstå.
All utgreiing startar med ein grundig gjennomgang av kva som skjedde under reaksjonen. I tillegg til opplysningane du kan bidra med vil det vere nødvendig å innhente dokumentasjon frå hendinga. Samtalen vil danne grunnlag for vidare utgreiing. Det kan bli aktuelt å ta blodprøver, hudtestar, pusteprøver og provokasjonstest(ar).