Diagnose
Bekymring for barn i alder 0-3 år
Små barn kan ha vanskar eller utviklingsforstyrringar som gjer at dei har behov for hjelp. Nokre teikn på psykiske vanskar i alder 0-3 år kan vere at barnet blir veldig stille og tilbaketrekt, gir lite kontakt eller respons, har innsovningsvanskar eller spisevanskar, er veldig uroleg, gret mykje og er vanskeleg å trøyste, eller at barnet snakkar lite og strever med å gjere seg forstått.
Det er vanskeleg å vite kva som er alvorlege symptom hos små barn. Det er også lett å tenke at vanskane vil gå over etter kvart som tida går og barnet veks. Slik er det nødvendigvis ikkje. Sjølv om barnet har tilsynelatande små symptom, kan barnet vere i risiko for skjeivutvikling og psykiske vanskar. Små barn vil vere spesielt sårbare for belastningar i familien, som for eksempel fysisk eller psykisk sjukdom eller rusmisbruk hos foreldre. Det er derfor viktig med låg terskel for bekymring.
Tilvising og vurdering
Viss du er forelder og er bekymra for eit barn i aldersgruppa 0-3 år, kan det vere lurt å søke hjelp og råd hos helsestasjon, pedagog i barnehagen eller fastlege. Du kan også kontakte kommunepsykolog, PPT eller barnevernstenesta i kommunen. Dei kan gi råd og rettleiing og kan hjelpe deg å vurdere kva som er god hjelp for barnet ditt.
Dersom du er gravid eller er forelder til eit barn under 3 månadar og du sjølv eller din partner har eller har hatt utfordringar i knytta til psykisk helse eller rusmiddel, kan du ta direkte kontakt med Familieambualtoriet i Helse Fonna for råd og rettleiing.
Om barnet skal tilvistast til BUP for utgreiing og behandling, er det fastlegen, psykolog i kommunen og barnevernstenesta som kan tilvise. Det er tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata.
Samhandlingsforløp ved bekymring for barn 0-3 år i Helse Fonna
Utgreiing
Utgreiing av barn 0-3 år skjer ved sped- og småbarnsteama i BUP. I første samtale lagar vi ein plan for utgreiinga saman med føresette og eventuelt barnevernstenesta dersom barnet bur i fosterheim. Utgreiinga inkluderer blant anna samtalar med føresette, observasjon av barnet i barnehage og på BUP, samspillsobservasjon, utfylling av spørreskjema, legeundersøking og andre aktuelle undersøkingar. Etter at utgreiinga er gjennomført, oppsummerer vi funn og vurderer om det er grunnlag for ein diagnose og behov for behandling i BUP, eller om barnet og familien skal ha eit tilbod i kommunen.
Behandling
Behandling for små barn i BUP vil alltid involvere føresette og nokre behandlingstilbod blir også kun gitt til føresette.
Moglege behandlingstilbod kan vere:
- Opplæring og rettleiing til føresette om det barnet strevar med
- Samspelsrettleiing
- Behandling av traumer
- Barnepsykoterapi
- Rettleiing til kommunale tenester som barnet og familien har kontakt med.
Oppfølging
Små barn er i stadig utvikling. Sjølv om behandlinga i BUP blir avslutta, kan det vere aktuelt med ny tilvising på eit seinare tidspunkt. Vanskane kan endre seg eller bli tydelegare når barnet blir eldre. I oppsummering frå BUP står kva som kan vere grunn til ny tilvising til BUP.