Skulderbrudd
Skulderleddet er kroppens mest beveglige ledd. Det stiller krav til både bløyte delar av kroppen (sener, musklar, leddband og nervar) og skulderskjelettet. Brotskadar i skuldra kan omfatta brot i skulderblad (scapula), kragebein (clavicula) eller øvste del av overarm (proksimale humerus).
Årsakar
Brot i kragebein
Brot i kragebein oppstår som regel hos unge og middelaldrande, ofte etter fall frå for eksempel sykkel eller ved idrett. Vanlegvis er det god prognose etter slike brot.
Brot i skulderblad
Brot i skulderblad er meir sjeldan og er knytt til høg traumeenergi. Det betyr for eksempel etter høge fall. Det er ikkje uvanleg å få skader på ribbein og lungevev i tillegg. Rehabilitering av desse brota har ofte god prognose.
Brot i øvste del av overarmen
Brot i øvste del av overarmen skjer ofte og særleg ved fall frå eiga høgde. Desse brota utgjer kvart 3 brot hos personar over 60 år. Mange av desse brota har liten feilstilling og derfor ganske gode prognoser. Behandling av feilstilte brot er meir krevjande.
Beinskjørheit
Brota er ofte relaterte til beinskjørheit (osteoporose). Mange av desse brota kan behandlast utan operasjon med opptrening under rettleiing av fysioterapeut. Viss brotet er i fleire bitar eller har ei stor feilstilling kan operasjon vera tilrådd.
Brot i skulder hos barn
Brot i skulder hos barn blir som regel behandla utan operasjon (konservativt), sjølv om brotet er feilstilt. Skuldra hos barn har stor remodelleringsingsevne, som vil seie at knokkelen rettar ut seg sjølv ettersom barnet veks.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om brot etter mindre uhell, kontakt fastlege eller legevakt. Ved openberre brotskader etter større uhell og ulukker ringer du 113.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Nokre gonger kjem det bakterie i eit operasjonssår. Bakterie kan skape ein infeksjon. Teikn på infeksjon kan vere raud farge, aukande hevelse, eller væske frå såret. Smerte i såret eller feber kan også vere eit teikn på infeksjon.
Dersom det oppstår infeksjon er det viktig å kontakte avdelinga for vidare utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.