Diagnose

Brot i skulder

Skulderleddet er kroppens mest beveglige ledd. Det stiller krav til både bløyte delar av kroppen (sener, musklar, leddband og nervar) og skulderskjelettet. Brotskadar i skuldra kan omfatta brot i skulderblad (scapula), kragebein (clavicula) eller øvste del av overarm (proksimale humerus).
Brot i kragebein oppstår som regel hos unge og middelaldrande, ofte etter fall frå for eksempel sykkel eller ved idrett. Vanlegvis er det god prognose etter slike brot. 

Brot i skulderblad er meir sjeldan og er knytt til høg traumeenergi. Det betyr for eksempel etter høge fall. Det er ikkje uvanleg å få skader på ribbein og lungevev i tillegg. Rehabilitering av desse brota har ofte god prognose. 

Brot i øvste del av overarmen skjer ofte og særleg ved fall frå eiga høgde. Desse brota utgjer kvart 3 brot hos personar over 60 år. Mange av desse brota har liten feilstilling og derfor ganske gode prognoser. Behandling av feilstilte brot er meir krevjande. 



Tilvising og vurdering

 Ved mistanke om brot etter mindre uhell, kontakt fastlege eller legevakt. Ved openberre brotskader etter større uhell og ulukker ringer du 113.

Utgreiing

Ved brot i skuldra vil vi ta røntgen og du blir undersøkt av lege. Vi bruker CT og eventuelt MR til å kartlegge meir komplekse brotskader.

Det er viktig å kartlegge nervefunksjonen og blodforsyninga i armen. Dersom dette er skadd, er det viktig med rask innlegging og behandling i sjukehus.




Behandling

Ikkje operativ (konservativ) behandling


Enkle brot som ikkje krev operasjon: Du får fatle og informasjon om avgrensingar og korleis du forsiktig kan starte med opptrening. Ved vanskelege brot som ikkje blir behandla med operasjon kan du få fatle som stabiliserer underarmen i opp til 2 veker. 

Hovudregel for rehabilitering av brot nær skulder er at du så tidleg som mogleg skal starte med bevegelsar, så lenge brotet er stabilt nok. Du skal ikkje ha belastning på dei første 6 vekene. Belastningsøvingar gjennomførast frå veke 7. Behandlinga skal bestå av øvingar du gjer sjølv og saman med fysioterapeut. 
Operativ behandling

Ved kompliserte brot som krev operasjon, blir du lagt inn på sjukehuset. Operasjonen skjer anten i narkose eller ved bedøving av nerven til operasjonsområdet (nerveblokade). Brotet blir sett på plass og stabilisert med plate eller nagle. For mange personar over 60 år er brota beinskjøre og med høg risiko for komplikasjonar ved rekonstruksjon. Ein må då bruke ei skulderprotese (anatomisk halvprotese eller reversert skulderprotese, også kalla Deltaprotese).

Det er vanleg å ha ein del smerter dei første vekene. Ved vanskelege brot som ikkje blir behandla med operasjon kan du få fatle til å støtte underarmen dei første vekene. Alle som blir operert skal starte opptrening med ein gong. Opptrening tar vanlegvis mellom 3-6 månader.
 
Den vanlegaste komplikasjonen er tap bevegelighet. 



Oppfølging

Etter operasjonen blir du verande på sjukehuset nokre dagar for smertelindring og trening med fysioterapeut.

Oppfølging etter brot i skulder er omtrent lik, uavhengig om du er operert.

Du blir innkalla til kontroll med røntgen og legeundersøking etter 2, 6 og eventuelt 12 veker.

Etter 6 veker kan du vanlegvis starte med fri beveglegheitstrening, og etter 12 veker kan du starte med gradvis stryketrening. Dette er avhengig av at brotet ser ut til å gro.

Du blir vist til fysioterapeut ved behov. I den første perioden etter skaden og eventuelt operasjon, vil du trenge smertestillande medisinar. Desse bør du ta i ein så kort periode som mogleg.

Dersom det er sett inn plate eller nagle, treng du vanlegvis ikkje få fjerna denne.



Ver merksam

Nokre gonger kjem det bakterie i eit operasjonssår. Bakterie kan skape ein infeksjon. Teikn på infeksjon kan vere raud farge, aukande hevelse, eller væske frå såret. Smerte i såret eller feber kan også vere eit teikn på infeksjon.

Dersom det oppstår infeksjon er det viktig å kontakte avdelinga for vidare utgreiing og oppfølging så snart som mogleg. 



Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​