Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Brystkreft er vondarta forandringar som oppstår i brystkjertelvevet. Det er den mest hyppige krefttypen hos kvinner. Nesten alle brystkreftsvulstar kan fjernast, og operasjon er den primære behandlingsmetoden for dette. Nokre gongar er det formålstenleg å gi medisinsk behandling for å minske svulsten før operasjon.
Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Om du er etterinnkalt etter mammografiscreening skal det ta maksimalt 15 dagar frå screeningundersøkinga til du skal på etterundersøking.
Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)
Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Dei fleste som blir utgreidd for brystkreft skal gjennom det vi kallar trippeldiagnostikk. Det består av tre undersøkingar:
Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi kan ta avgjerd om diagnose. Om du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
Du trenger ikkje å ta noken spesielle omsyn etter undersøkinga. Du kan vere i aktivitet og gå på jobb som vanleg.
Det kan ta inntil sju dagar å få svar på undersøkingane du har vore gjennom.
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
For pasientar med brystkreft vil som regel eit eller fleire av følgjande behandlingsalternativ vere aktuelle: operasjon, cellegift og/eller strålebehandling. Operasjon er den vanlegaste behandlinga. Nokre pasientar får cellegift eller strålebehandling i tillegg.
Noken pasienter skal ha samtale og førebuande dag hos sjukepleiar før operasjonen. Da får du rettleiing, og dere går gjennom relevant informasjon. Hos nokre vil det vere behov for å merke kulen i brystet og lymfeknutane under armen før operasjon. Vil vil også ta blodprøver.
Når vi idag behandler brystkreft, kombinerer vi ofte fleire behandlingsmåtar for å gi best mogleg behandlingsresultat, og for å gi den enkelte pasient moglegheiter for å bevare brystet. Størrelsen på og eigenskapane til svulsten, eventuell lymfeknutespreiing og alderen din vil ha betydning for kva type behandling som blir valt. Ikkje alle treng tilleggsbehandling.
Ved langtkomen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring.
Mange kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange dør av heilt andre årsaker.
Dagkirurgiske pasientar kan reise heim etter operasjonen. Det er viktig at du tar kontakt med avdelinga dersom du har mistanke om infeksjon eller lignande.
Det finst ei rekke tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynninga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund