Fordi brystsmerter kan vere eit teikn på hjarteinfarkt eller andre alvorlege tilstandar som krev rask behandling, er det viktig å bli undersøkt av lege. Frå du har kontakta fastlege, legevakta eller sjukehus skal det ikkje gå lang tid før du blir undersøkt.
Når du kjem til akuttmottaket ved sjukehuset, blir du undersøkt av lege og sjukepleiar. Her tek vi også EKG (elektrokardiogram) og blodprøver. Hos somme pasientar blir det teke supplerande undersøkingar for å finne årsaka til brystsmertene, for eksempel ultralyd av hjartet eller røntgen. Det er ikkje alltid mogleg å fastslå årsaka til brystsmerter, sjølv om utgreiinga ikkje påviser alvorlege tilstandar.