Symptom
Inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) er sjeldan hos barn og unge, men talet på dei som får sjukdommen, er aukande. Opptil 1 av 4 av alle med IBD får symptom før 18 års alder, men sjukdommen er uvanleg før 2 års alder. Ein skil mellom Crohns sjukdom og Ulcerøs kolitt.
Ved Crohns sjukdom får pasienten flekkvis betennelse i tarmen. Sjukdommen kan gi betennelse i heile tarmsystemet, frå munn til endetarmen, og ikkje berre i tjukktarmen som ved Ulcerøs kolitt. Dei vanlegaste symptoma er diaré og magesmerter, men sjukdommen kan gi varierande grad av plager og er mange gonger vanskeleg å påvise. Andre symptom er veksthemming, slappheit, forseinka pubertet, låg blodprosent, vekttap og munnsår. Somme har hatt ulike mageplager i lang tid før dei kontaktar lege, andre får akutt innsetjande plager. Hos dei aller fleste kan ein likevel stille diagnosen med skopi.
Dersom ein har Crohns sjukdom i tarmen og symptom som diaré, magesmerter og vekttap, er det i dei fleste tilfella behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å hemme betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.
Sjukdommen krev livslang oppfølging, og barn og unge blir som regel følgde opp av lokal barneavdeling. Formålet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling og dessutan å påvise og behandle tilbakefall og komplikasjonar.
Tilvising og vurdering
Det er som regel fastlegen til pasienten som tilviser pasienten til sjukehuset for utgreiing og/eller behandling av mistenkt Crohns sjukdom.