Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Epilepsi er ein av dei vanlegaste sjukdommane i nervesystemet. Det er eit samleomgrep på ei rekkje tilstandar med ulike årsaker, ytringsform og prognose. Fellesnemnaren er tilbakevendande epileptiske anfall.
Prognosen ved epilepsi er først og fremst avhengig av årsaka til anfalla. Rundt 70 prosent av personar med epilepsi har god effekt av medisinar og blir frie frå anfall. Somme må leve med tilbakevendande og uføreseielege anfall. Dette kan gi psykososiale belastingar.
Sjå også:
Kunnskapsbasert retningslinje for behandling og oppfølging av epilepsi
Fastlegen viser deg til barnelege dersom du er under 18 år, eller til nevrolog dersom du er over 18 år. Dersom barnelegen eller nevrologen får mistanke om epilepsi blir du greidd ut for dette, og behandling blir sett i gang. Har du manglande effekt etter behandling med fleire ulike epilepsimedisinar som pasient ved det lokale sjukehuset ditt, bør du tilvisast til Spesialsykehuset for epilepsi ved Oslo universitetssjukehus.
Spesialsykehuset for epilepsi har landsdekkjande behandlingsteneste og tilbyr utgreiing og behandling av pasientar med epilepsi som ikkje får tilfredsstillande anfallskontroll etter forsøk med to rette typar og doserte epilepsimedisinar, og som har tilleggsproblem av nevrologisk, kognitiv og/eller psykososial art. Spesialsjukehuset har barneavdeling og vaksenavdeling.
Alle personar som har korte episodar (under 2-3 minutt) med nevrologiske symptom, bør mistenkjast for å ha epilepsi. Desse bør visast til nevrolog, eller barnelege med kompetanse på nevrologiske sjukdommar.
Utgreiinga startar med samtale og undersøking hos nevrolog eller barnelege. Ei grundig sjukehistorie frå pasient og pårørande er aller viktigast. Video-opptak av anfalla på ein mobiltelefon kan vere nyttig. Dersom det er mistanke om epilepsi, skal pasienten visast til EEG. Ved nokre epilepsitypar vil også MR av hjernen vere indisert for å sjå om ein kan finne årsak til anfalla.
Epilepsidiagnosen er ein klinisk diagnose. Den blir først stilt når pasienten har hatt to sikre, uprovoserte epileptiske anfall. Unntak blir gjort for dei som får påvist sikker epileptisk aktivitet i EEG og/eller strukturelle avvik på MR, som ofte er assosiert med anfall. I slike tilfelle kan diagnosen stillast etter berre eitt epileptisk anfall.
Det må understrekast at ein person kan ha epilepsi sjølv om verken EEG- og MR-undersøkinga viser noko galt.
Epilepsi behandlar vi i første rekkje med anfallsførebyggjande medisinar, også kalla antiepileptika. I Noreg finst rundt 25 legemiddel mot epilepsi. Dei har alle noko ulik profil for effekt og biverknad.
Med dagens medisinar oppnår 60 til 70 prosent ein god kontroll over anfalla.
Les om ulike epilepsimedisinar (oslo-universitetssykehus.no)
Blant dei vel 30 prosent som ikkje får anfallskontroll med legemiddel, kan somme pasientar tilbydast epilepsioperasjon.
Vagusnervestimulator kan vurderast dersom det ikkje er mogleg å oppnå kontroll på anfalla med legemiddel, og epilepsioperasjon er uaktuelt.
Behandling med diett kan vere eit alternativ for personar med vanskeleg kontrollerbar epilepsi der medikament ikkje har gitt tilfredsstillande anfallskontroll.
Norsk epilepsiforbund har, i samarbeid med Spesialsykehuset for epilepsi, laga ein filmserie med korte opplysningsfilmar. Kvar episode skal svare på eit spørsmål om epilepsi som folk ofte lurer på. Dei korte episodane kjem både på norsk og engelsk. Filmane er godt eigna i undervisning og som folkeopplysing.
Sjå filmane på nettsida til SSE (oslo-universitetssykehus.no)
Vi veit at mange personar med epilepsi lettare får anfall dersom dei gløymer å ta medisinane, eller når dei blir utsette for negativt stress, søvnmangel, lite mat eller mykje alkohol. Ved å unngå slike anfallsutløysande faktorar, mellom anna gjennom ein regelmessig og sunn livsstil, kan personen sjølv betre anfallssituasjonen. Å betre den fysiske forma kan også redusere tendensen til å få anfall hos enkelte.
Ventetid: 12 uker
Kontakt Nevrologisk avdelingNevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund