Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hepatitt C

Hepatitt C er eit virus som kan lage kronisk infeksjon i levra, men sjukdomsutviklinga varierer frå person til person. Alle personar med kronisk infeksjon blir tilbodne behandling. Medisinane som blir brukte nå har lite biverknader og fjernar viruset frå kroppen hos dei aller fleste.

Hepatitt C er en virusinfeksjon som kan gi leverbetennelse og påfølgende leverskade. Ikke alle blir syke etter å ha blitt smittet med viruset. Det finnes effektiv, kortvarig og trygg behandling som gjør at de aller fleste som er smittet med viruset blir friske.

Les meir på helsenorge.no

Om behandlinga

I dag består hepatitt C-behandling som oftast av tablett(ar) ein gong dagleg i 8–12 veker og har få biverknader. Alle med hepatitt C blir tilbodne behandling.

Mange med kronisk hepatitt C kan ha infeksjonen utan å oppleve problem, sjølv utan behandling. Nokon vil likevel over lang tids infeksjon kunne utvikle komplikasjonar utan å merke det undervegs, særleg skrumplever (lever med mykje arrvev) eller leverkreft.

Etter at vi fekk effektiv behandling med få biverknader, bør derfor alle med hepatitt C-infeksjon bli vurderte for behandling. Behandlinga fjernar virus frå kroppen og stoppar utvikling av komplikasjonar.

Etter vellykka behandling vil du heller ikkje kunne smitte andre med hepatitt C. Du er likevel ikkje immun mot ny infeksjon og kan bli smitta på nytt om du utset deg for smitterisiko.

Det beste du kan gjere for levra di er å unngå alkohol og andre stoff som kan ha uheldige verknader på helsa di.

Utgreiing

Du må legge ein plan for når det passar for deg å ta denne kuren. Det er viktig at du er i stand til å ta hepatitt C-medisinen kvar einaste dag og ikkje hoppar over dosar. Du må tenke igjennom om du treng hjelp til å hugse på kontrollar og hente tablettar på apoteket. I tilfelle ønsker vi oss eit telefonnummer vi kan ringe om du ikkje møter til kontroll og ikkje svarer på telefonen.

Du må ha med deg ei oppdatert og detaljert liste frå fastlegen over dei medisinane du bruker. Det er viktig å opplyse legen som skal behandle deg om du ammar eller har planar om å bli gravid i næraste framtid.

Det er ønskeleg at alle blir greidde ut med blodprøver og leverstivleiksmåling (elastografi). Nokre sjeldne gonger må det takast ei vevsprøve frå levra (biopsi).

Du vil også bli spurd om ting som kan ha noko å seie for behandlinga di:

  • Bruker du alkohol og i tilfelle kor mange glas per veke?
  • Bruker du eller har du brukt sprøyter?
  • Bruker du metadon eller liknande?
  • Har du eller har du hatt psykiske problem og i tilfelle korleis har dette har arta seg?

Dette treng ikkje vere til hinder for behandlinga, men er viktig for oss å vite for å kunne lage eit bra opplegg for deg.

Behandling

Du får ut medisinar på apoteket for fire veker av gongen.

Kor lenge varer behandlinga?

Som oftast varer behandlinga i to eller tre månader (8–12 veker).

Kva skjer etterpå?

For å vere sikker på at behandlinga har verka, skal du komme til legetime for å ta ei siste blodprøve når det har gått tre månader frå du er ferdig med behandlinga. Om du da er virusfri, blir du rekna som varig frisk. Om du ikkje blir virusfri etter enda behandling (det skjer hos tre til seks prosent) blir du følgt opp vidare på poliklinikken, og vi prøver å finne ein annan og betre kur for deg.

Biverknader og komplikasjonar

Tablettane kan gi litt plager som trøyttleik, hovudverk, kløe og kvalme, men totalt sett har dei få biverknadene. Berre 2 av 100 må avbryte behandlinga på grunn av biverknader. Du kan vere i full jobb under behandlingsperioden.

Forholdsreglar

Før du går i gang med ein kur, er det avgjerande at du tenker grundig igjennom korleis du skal unngå å bli smitta på nytt. Dette kan handle om å ta imot hjelp for å handtere avhengnad, alltid bruke reint utstyr når du bruker sprøyter eller verne deg på andre måtar. Dette er eit tema vi ønsker å diskutere litt med deg om før du går i gang. Du oppnår ikkje immunitet mot hepatitt C etter å ha gått gjennom sjukdommen.

Oppfølging

Dersom du allereie har utvikla skrumplever eller forstadium til dette før behandling, bør dette følgast opp med ultralyd og blodprøver også etter vellykka behandling for hepatitt C. Det gjeld først og fremst dei som har levercirrhose.

Dersom du ikkje har teikn til skrumplever eller forstadium av denne og er virusfri tre månader etter avslutta kur, treng du ikkje vidare kontrollar.

Om du har risiko for å bli smitta på nytt bør du blir kontrollert med blodprøver årleg.

Kjelder for meir informasjon

Smittevernhandboka om Hepatitt C (Folkehelseinstituttet fhi.no)

Ofte stilte spørsmål

Kor lenge må eg ha vore rusfri for å få tilbod om behandling?

  • Det er ikkje noko krav om at du må vere rusfri. Det som betyr noko, er at du er i stand til å følge behandling på ein god måte. Dette er noko vi snakkar grundig med kvar enkelt om. Uansett vurderer vi kvart menneske individuelt.
  • Om du er i aktiv rus ønsker vi ein kontaktperson som vi kan ringe om du ikkje kjem til kontrollar. Alle som startar med behandling, får ein sjukepleie-koordinator som kan halde kontakten med støtteapparatet ditt dersom du treng det.

Kan eg få hepatittbehandling mens eg sit i fengsel?

  • Det får vi til dersom helseavdelinga i det aktuelle fengselet er velvillig innstilt.
Sist faglig oppdatert 06.03.2026

Kontakt

  • Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Hemato/endo/infeksjon sengepost

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 5. etasje på Haugesund sjukehus (vestblokka). Ta heisen ved Narvesen-kiosken for å kome til oss. 

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30