Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ved atrieflimmer slår hjartet uregelmessig og ofte for fort. Somme opplever at atrieflimmeret kjem og går. Eit anfall kan stå på frå sekund til dagar eller bli vedvarande. Det vanlegaste symptomet er kjensla av hjartebank eller at hjartet rasar av garde. Andre teikn kan vere brystsmerter, pustevanskar, utmatting, svimmelheit og uro.
Om du mistenkjer at du kan ha atrieflimmer, kan du kjenne på pulsen din ved å leggje peike- og langfinger langs pulsåra på handleddet. Kjenne du uregelmessig puls over tid, kan dette indikere atrieflimmer og du må vurdere å oppsøkje lege.
Hos fastlege, eller på sjukehuset, blir det gjennomført ei EKG-undersøking som kan stadfeste eller avkrefte om det dreier seg om atrieflimmer. Har du anfallsvis atrieflimmer kan det vere nødvendig å gå med langtids EKG-registrering for å registrere hjarterytmen over tid. Det kan også vere aktuelt å gjere ultralydundersøking av hjartet (EKKO) og å ta blodprøve for å avdekkje eventuell årsak til atrieflimmer.
Omfang og hastegrad av utgreiing vurderer vi individuelt og avheng av symptom, underliggjande årsak eller andre aktuelle sjukdommar.
Atrieflimmeranfallet kan gå over av seg sjølv, eller du kan ha behov for behandling. Behandlinga avheng av kor lenge du har hatt det, kor mykje det påverkar deg og kva for nokre andre sjukdommar du eventuelt har. Somme treng behandling på sjukehus for å få stabilisert hjarterytmen.
Medikamentell behandling er som regel førstevalet. Då nyttar vi medisinar som senkar pulsen og/eller stabiliserer hjarterytmen. På grunn av at atrieflimmer aukar risikoen for hjerneslag, er det viktig å bruke blodfortynnande behandling. Behovet her vurderer vi også individuelt ut frå risikoen din.
Behandling av atrieflimmer kan også omfatte elektrisk behandling, som elektrokonvertering av hjartet og kateterablasjon.
For å førebyggje komplikasjonar av atrieflimmer som hjerneslag og hjartesvikt, er det alltid viktig at du tek medisinane som føreskrivne og har jamleg kontroll hos fastlegen din. Det er også viktig med gode levevanar, som å slutte å røykje, ete sunn mat, avgrense alkoholinntak, vektreduksjon, redusere stress og vere i fysisk aktivitet.