Det kan vere lurt å tenke over din eigen situasjon når det gjeld høyrsel, før du kjem til timen.
- I kva situasjonar kjenner du at du slit med å høyre?
- i samtale med fleire?
- når du høyrer barnestemmer?
- i familielivet?
- i kvardagen på jobb eller skole?
- Kva forventningar har du?
- Er du motivert for å få høyreapparat eller anna høyrselsteknisk hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?
Spør gjerne familie eller venner om dei har lagt merke til endringar i høyrselen din.
Ta gjerne med deg næraste pårørande til timen. Du får mykje informasjon og det er fint om de saman kan å få ei betre forståing for deg og høyrselsutfordringane dine.