Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyreapparatvurdering

Ei høyreapparatvurdering blir utført av audiograf og lege, og består i høyrselstesting, forklaring og samtale om eventuelle høyreapparat.

Før

Før du kjem til timen, tenk over situasjonen din når det gjeld høyrsel:

  • I kva situasjonar kjenner du at du slit med å høyre?

    • i samtale med fleire?
    • når du høyrer barnestemmer?
    • i familielivet?
    • i kvardagen på jobb eller skole?

  • Kva forventningar har du?

  • Er du motivert for å få høyreapparat eller anna høyrselsteknisk hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?

Spør gjerne familie eller venner om dei har lagt merke til endringar i høyrselen din.

Ta gjerne med deg næraste pårørande til timen. Du får mykje informasjon og det er fint om de saman kan å få ei betre forståing for deg og høyrselsutfordringane dine.

Under

Først skal du gjennom ein høyrselstest. Resultatet av testen blir sett i samanheng med dei utfordringane du opplever i kvardagen. Målet er å skape ei felles forståing av behandlingsbehova dine. Testen blir utført av audiograf eller audiopedagog, og deretter eventuelt ein øre-, nase-, halslege.

Ein audiograf har særleg kunnskap om audiologi (læra om høyrsel og lyd), høyreapparat og anna audiologisk utstyr, og korleis desse kan tilpassast brukarar med ulike former for høyrselstap.

Du skal også ha ein samtale med oss om høyrsel og eventuelt høyreapparat.

Vi viser fram ulike høyreapparat som kan passe for deg basert på type høyrselstap, livsstil, finmotorikk og syn.

For å få dekt kostnaden på høyreapparat frå NAV, må vi sende ein eigen søknad som du må signere. Dette hjelper vi deg med. Det er ingen eigendel.

Etter høyrselstest og samtale skal du eventuelt møte ein øre-, nase-, halslege for vidare undersøkingar og fastsetting av diagnose.

Etter

Dersom du skal få høyreapparat, blir du kalla inn til ein eigen time for utprøving og tilpassing.

Sist faglig oppdatert 09.09.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland