Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kronisk lymfatisk leukemi

Kronisk lymfatisk leukemi er den vanlegaste typen blodkreft. Sjukdommen oppstår ved vondarta celledeling av såkalla B-lymfocyttar, som er ein type modne kvite blodceller. Det er 300 nye tilfelle årleg i Noreg.

Utgreiing

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Du blir undersøkt av lege. Vi tar blodprøver og eventuelt også beinmergsprøve og røntgenundersøkingar.

Ein spesialanalyse (immunfenotyping) av blod kan oftast fastslå om det er kronisk lymfatisk leukemi. Svar på denne ligg oftast føre få dagar etter at prøva er tatt. I nokre tilfelle treng vi kartlegging av genetiske forhold ved sjukdommen, eller CT-undersøkingar. I slike tilfelle kan det ta rundt tre veker før kartlegging er fullført.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og vi tar avgjerd om diagnose.

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi no om behandling er nødvendig, eventuelt kva behandling som er best for deg.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Kronisk lymfatisk leukemi treng ofte ikkje behandling i starten. Mange som får sjukdommen påvist ved tilfeldig blodprøve treng ikkje behandling før etter mange år, og i nokon tilfelle aldri.

Cellegift eller antistoff er vanlegaste behandling. Nokre pasientar får store lymfeknutar, det kan i visse tilfelle vere aktuelt med strålebehandling av desse. Ein sjeldan gong går pasientar gjennom stamcelletransplantasjon, også kalla beinmergstransplantasjon.

Vi behandlar berre når du får symptom. Av erfaring synest mange pasientar dette er vanskeleg å forstå ettersom det er vanleg å tenke at behandling av kreft bør starte raskt. Bakgrunnen for at vi behandlar først dersom sjukdommen gir plager, er at tidlegare behandling ikkje gir forlengd overleving, berre auka biverknader.

Det meste av behandlinga tar sikte på å slå sjukdommen tilbake, slik at han ikkje gir plager. Foreløpig er det berre stamcelletransplantasjon som kan heile sjukdommen. Slik behandling er likevel knytt til så store biverknader at ho berre blir anbefalt til nokre få pasientar med særleg aggressivt kreftforløp.

Oppfølging

For pasientar som ikkje er i aktiv behandling skjer dei fleste kontrollar hos fastlege med jamlege blodprøver. Det er vanleg å komme til kontroll også hos indremedisinar eller spesialist i blodsjukdommar med lengre mellomrom, men dette er ikkje alltid nødvendig.

Talet på kontrollar og kor lenge du skal komme til kontroll etter behandlinga varierer og avtaler vi i kvart enkelt tilfelle.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynninga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

 

Ver merksam

Utilsikta vekttap, store lymfeknutar, nattesveitte, auka infeksjonstendens trøyttleik eller andre teikn på låg blodprosent kan vere symptom på tilbakefall av kronisk lymfatisk leukemi.

Ta kontakt med fastlegen dersom du opplever symptom på tilbakefall.

Sist faglig oppdatert 08.04.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.