Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leverkreft

Denne kreftforma blir på fagspråket kalla «hepatocellulært carcinom» (forkorta til HCC) og går ut primært frå celler i levra. Svulsttypen må ikkje forvekslast med spreiingssvulstar (metastasar) frå kreft oppstått i andre organ. Primær leverkreft er ei vanleg kreftform i Asia og delar av Afrika, men er relativt sjeldan i Noreg.

Kjente risikofaktorar for leverkreft

Den viktigaste risikofaktoren for utvikling av HCC er skrumplever, også kalla levercirrhose. Andre risikofaktorar er

  • virus hepatitt B og C
  • kronisk alkoholkonsum
  • underliggande leversjukdommar som autoimmune (reumatiske) hepatittar og ulike stoffskiftesjukdommar som hemokromatose, og porfyri
  • metabolsk syndrom som sest hos personar med sjukleg fedme. Denne gruppa er raskt veksande i vestlege land, inkludert Noreg.

Tilvising og vurdering

Leverkreft i seg sjølv gir ingen symptom, men den underliggande leversjukdommen kan gjere det dersom leverfunksjonen hos personar med leversjukdom etter kvart begynner å svikte. Det er derfor etablert overvaking (screening) med regelmessige kontrollar av personar med risiko for utvikling av skrumplever.

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft eller du gjennom eit screening-opplegg har påvist ein leversvulst, skal du bli vist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og pårørande dine, og dessutan ansvarsplassering og konkrete forløptider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)

Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.  

Utgreiing

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Ved mistanke om kreft blir du undersøkt av lege. Vi tar blodprøver som inkluderer svulstspesifikke prøver, i tillegg til røntgenundersøkingar som CT, MR eller ultralyd.

Gitt at undersøkingane blir gjorde korrekt er desse undersøkingane nå så sikre at det i dei fleste tilfelle ikkje er nødvendig å bekrefte diagnosen med ei vevsprøve (biopsi). Det er også vanleg å ta blodprøver for å måle markørar som alpha-føtoprotein, som er forhøgd i cirka 50 prosent av tilfella. Alle sjukehus i Noreg har moglegheit for å ta desse gode røntgenundersøkingane før du blir tilvist til vurdering på spesialavdelingar for behandling av primær leverkreft.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi tar avgjerd om diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Om du har fått påvist primær levertkreft, tar vi ei nøye vurdering av kva behandling som er best for deg. Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Samval inneber at du får informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell vege desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg.

Den endelege avgjerda om behandlinga di blir tatt i samråd med deg, etter ei vurdering i tverrfagleg teammøte (også kalla MDT). For primær leverkreft vil desse møta skje på eit regionssjukehus. Alle tilfelle av leverkreft blir drøfta i eit tverrfagleg team der behandlingsopplegget for kvar enkelt pasient blir nøye vurdert. Teamet består av spesialistar innanfor kirurgi, leversjukdommar, kreftbehandling, røntgenfaget og transplantasjon.

For pasientar med leverkreft kan behandlinga vere

  • kirurgi
  • medikamentell behandling
  • direkte svulstretta behandling

Først vil det bli gjennomført ei vurdering om vi kan gjennomføre ein levertransplantasjon eller om svulsten/svulstane kan fjernast ved ein leveroperasjon (ope eller med kikhullsteknikk). Hos nokre pasientar kan varmebehandling (brenning av svulsten) utført med spesielle nåler som blir stukne gjennom huda (såkalla ablasjonbehandling) vere like effektivt som å fjerne svulstane kirurgisk, men dette føreset at svulstane er relativt små. Alle desse metodane blir rekna som potensielt heilande.

Om ein ikkje kan transplanterast, blir operert eller få ablasjonbehandling, kan det vere aktuelt å behandle svulstane gjennom å manipulere blodforsyninga deira. Dette blir kalla «transarteriell kjemoembolisering» (blir TACE forkorta). Ved denne behandlinga blir eit kateter ført frå lysken via hovudpulsåra og leverpulsåra til dei områda der svulsten/svulstane sit og stenger blodkara som forsyner svulstane.

Dersom ingen av desse metodane kan nyttast kan ein vurdere medikamentell behandling, som i dag i første omgang består av immunterapi. Dette kan hos mange pasientar medføre stort skrumpning av svulstane, men reknast i første omgang som livsforlengande og ikkje som heilande behandling. Det finst inga cellegift med verknad på primær leverkreft.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

​Les meir om samval på helsenorge.no​​

Lindrande behandling

Ved kreft som har kome langt der sjukdommen ikkje kan heilast, eller det av ulike årsaker ikkje er mogleg å tilby immunterapi eller anna medikamentell behandling, vil du få god symptomførebygging og symptomlindring. Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker, og dessverre ofte av den underliggande leversjukdommen.
 

Oppfølging

Avhengig av kor langt sjukdommen har komme, vil overlevinga etter at behandlinga har starta, variere for kvar enkelt pasient. Ettersom årsaka til primærleverkreft ofte er underliggande leversjukdom (som ikkje blir fjerna ved ein operasjon) opplever mange pasientar å få tilbakefall, sjølv etter teknisk vellykka kirurgi.

Ettersom det også er mogleg å behandle tilbakefall er over halvparten av pasientar med leverkreft i tidleg stadium i live etter 5 år. Ved avansert sjukdom kan leveutsiktene vere avgrensa til få månader om ein er for dårleg til å få medikamentell behandling.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynninga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

Ver merksam

Leverkreft i seg sjølv gir til å begynne med få eller ingen symptom. Av og til blir det oppdaga i samband med rutinekontrollar forhøgde verdiar av blodprøver knytte til dei ulike funksjonane til levra som fører til vidare undersøkingar der ein til slutt påviser svulst i levra.

Konkrete symptom kjem oftast seinare og indikerer ofte avansert sjukdom. Desse kan først vere meir allmenne, som dårleg matlyst, vekttap og redusert allmenntilstand. Ubehag eller ein følbar kul under høgre ribbe-boge eller i øvre del av bukhola.

Det viktigaste ein sjølv kan gjere er å unngå risikofaktorar for skrumplever som alkoholoverforbruk og livsstil med risiko for utvikling av sjukleg fedme.

Sist faglig oppdatert 26.01.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Har du time hos oss, må du ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Lista bør innehalde namn på medisinen, dosen, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland