Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lungesykdommer hos barn og unge
Vi gjennomfører éin eller fleire testar for å finne ut kva type lungesjukdom/-plage du har. Slik kan vi bestemme kva behandling vil eigne seg best.
Utgreiing
Dei fleste gjennomfører spirometri, røntgen av lungene og blodprøver. Basert på sjukehistorie og andre testresultat kan det vere aktuelt å supplere med fleire testar. Ein del av dei vanlegaste testane er skisserte under:
Avhengig av kva for sjukdom som blir påvist vil vi lage ein behandlingsplan som er tilpassa diagnose, problematikk og alder. Målet med all behandling er at barnet skal oppleve minst mogleg symptom dag og natt, færrast moglege forverringar og best mogleg funksjon i dagleglivet – på ein lågast mogleg dose medisin.
Astma er den vanlegaste kroniske lungesjukdommen hos barn og unge. Astma blir behandla med både førebyggande medisin og anfallsmedisin.
Førebyggande medisin blir som regel tatt som inhalasjon (pustemedisin) kvar morgon og kveld over ein lengre periode. Desse inneheld alltid kortison, eventuelt også langtidsvirkande medisin som opnar tronge luftvegar (kombinasjonspreparat). Det finst fleire ulike typar førebyggande inhalasjonsmedisin. Førebyggande medisin kan også vere i tablett-/pulverform éin gong dagleg, vanlegast er Montelukast. Det kan ta fleire veker før barnet merkar om sistnemnde medisin har effekt.
Anfallsmedisin er inhalasjonsmedisin som blir gitt etter behov ved anfall med pustevanskar eller mykje hoste eller som førebyggande før planlagd anstrenging. Barnet kan ta denne medisinen når som helst på døgnet og ein kan rekne med effekt i løpet av nokre minutt. Om nødvendig kan medisinen takast fleire gonger dagleg. Doseringa blir bestemt av legen. Kontakt lege dersom medisinen ikkje har effekt eller berre har kortvarig effekt.
Kor mykje medisin ein treng kan variere i løpet av året og med alderen. Målet er god kontroll på symptoma. Alle barn og unge skal ha ein skriftleg, individuell og oppdatert behandlingsplan for behandling av astma og astmaforverring utarbeidd av legen sin. Rett inhalator med tilleggsutstyr som masker og kolbar i forhold til alder og rett bruk og teknikk av utstyr er viktig. For meir informasjon, sjå for eksempel www.naaf.no/astma/.
Fleire avdelingar tilbyr lærings- og meistringskurs om astma til foreldre. God informasjon og opplæring av pasient og pårørande er viktig for å oppnå god meistring av sjukdommen og lite plager i kvardagen.
Det finst fleire andre lungesjukdommar og behandlinga vert tilpassa diagnose/tilstand. Aktuell behandling kan vere inhalasjonar, slimmobilisering, fysioterapi, trening, antibiotika osv.
Oppfølging
Når diagnosen er stilt hos større barn kan som oftast fastlegen følge opp dette med vurdering av symptom, lungefunksjon, medisinering og at det blir brukt riktig teknikk ved inhalasjon. Vi anbefaler minst årleg kontroll hos barn og unge som står på faste medisinar. Behandlingsskjema og type inhalator må revurderast regelmessig og tilpassast symptombilde og alder. Det er også viktig å justere medisindosen ettersom barnet veks.
Det er behov for hyppigare oppfølging ved dårleg symptomkontroll og/eller høgdosert behandling . Dette kan eventuelt gjerast hos spesialist. Hos små barn vil det ofte bli lagt opp til kontroll hos spesialist for avklaring av effekt med medisinar og behov for vidare medisinering. Avhengig av symptom og alder vil det ofte bli avtalt kontroll kvar 3.–6. månad. Opplegget for oppfølging kan eventuelt bli delt mellom spesialist og fastlege.
Nokre kroniske og alvorlege tilstandar blir følgde opp hos spesialist regelmessig over mange år, mens andre tilstandar kan avklarast og følgast opp hos fastlege. Dette er avhengig av situasjonen til kvar enkelt.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.