For å påvise magesår blir det gjort ein gastroskopi. Det kan vere aktuelt å måle blodprosent/hemoglobin, sjå etter blod i avføringa med ein test og sjå etter magesårbakterien i ei avføringsprøve før du kjem til undersøking. Dette er undersøkingar som fastlegen set i verk.
Gastroskopi blir gjennomført ved at legen fører eit gastroskop (lang slange med kamera på tuppen) ned til magesekk og tolvfingertarm for å sjå etter magesår. Det kan vere aktuelt å behandle eit magesår direkte med injeksjonar og klips dersom det er pågåande bløding. Det kan også vere aktuelt å ta vevsprøvar i samband med undersøkinga (det gjer ikkje vondt).