Førebuingar heime
Du må faste
Å faste betyr at du ikkje kan ete mat den dagen du skal operere. Du kan heller ikkje ete drops eller drikke mjølk/morsmjølkerstatning. Du kan drikke klare væsker som vatn og saft fram til éin time før operasjonen.
Medisinar
Du skal ta dei faste medisinane dine, dersom vi ikkje har avtalt noko anna. Andre medisinar eller inhalasjonar, skal du ta med til sjukehuset.
Hygiene
Det er viktig at du møter nydusja/bada og i reine klede. Kleda bør vere lette å ta av – unngå heildress og strømpebukse. Eventuelle kontaktlinser, smykke, ringar, øyredobbar og/eller naglelakk må du fjerne.
Pakk sjukehusbagen
- Ta med dei faste medisinane dine.
- Det kan bli mykje ventetid på sjukehuset. Da er det greitt å ha med noko som du liker å halde på med, som bøker/lydbøker, aktivitetsbøker og nettbrett.
- Smokk, kosebamsar eller koseklutar er også fint å ta med.
Barn som skal leggast inn
Du som skal overnatte på sjukehuset vil bli overflytta til sengepost når du har sove ut og er vaken etter narkosen. Kva som skjer vidare på sengepost avheng av kva du er operert for. Under innlegginga vil éin av foreldra dine få høve til å overnatte saman med deg og ete måltida som blir serverte.
Kjøp Emla krem og smertestillande medikament
Før operasjonsdagen må du kjøpe følgande på apoteket:
- Emla krem/plaster: Vi anbefaler Emla krem framfor Emla plaster.
- Smertestillande medikament: Vi anbefaler å kjøpe eitt medikament med verkestoffet paracetamol og eitt medikament med verkestoffet ibuprofen, for eksempel Paracet og Ibux.
Emla treng du om morgonen før de reiser til sjukehuset dersom barnet skal få ein venekanyle. Smertestillande kan det bli behov for når de kjem heim frå sjukehuset.
Emla krem er eit lokalbedøvande legemiddel som gjer at huda blir mellombels kjenslelaus. Legemiddelet må verke i ein times tid for å oppnå best effekt, og skal derfor settast på heime ein time før de kjem til sjukehuset.
Kremen/plasteret skal settast på barnet si hand og innsida av olbogen, helst på synleg blodåre. Det er ikkje sikkert at stikket i handflata blir heilt smertefritt sjølv med krem/plaster, så ver varsam med å seie dette til barnet.