Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Nyresteinar blir danna ved at noko av innhaldet i urinen blir felt ut og forsteina. Steinane kan bli liggjande i ro på same staden utan å gi symptom, til dømes i nyrebekkenet. Det kan også vandre nedover gjennom urinleiarane. Her kan dei setje seg fast og heilt eller delvis blokkere for urinstraumen. Dette kan forårsake smerter og eventuelt skade på nyrene.
Det er fastlegen som tilviser deg til utgreiing ved mistanke om stein i nyre eller urinvegar. Tilvisinga blir vurdert av spesialist i urologi ved urologisk poliklinikk.
Stein i nyre og urinvegar kan også forårsake akutt innlegging på sjukehus der du blir undersøkt, observert, og eventuelt får behandling for smerte og infeksjon.
Når tilvisninga er vurdert får du innkalling til utgreiing og samtale med urolog. Behandlinga er avhengig av lokalisasjonen på steinene, størrelsen og symptoma.
Det er fleire alternativ for behandling, den mest bruke behandlingsforma er sjokkbølgjebehandling ESWL (Extracorporeal Shock Wave Litotripsy). ESWL kan ikkje brukast ved stein i nedre urinleiarar.
Det kan også vere aktuelt å hente ut steinar ved hjelp av ureterorenoskopi. Då bruker vi eit kikholsinstrument som blir ført gjennom urinrøyret til urinblæra, og derfrå gjennom urinleiaren og fram til steinen.
Det er også mogleg å behandling ved hjelp av innstikk gjennom huda (nefrolitotomi), eller i sjeldnare tilfelle ved vanleg open operasjon. Open operasjon er berre nødvendig i mindre enn 2 prosent av dei tilfella der kirurgisk behandling må nyttast.
Etter utskriving blir du følgt opp av fastlegen.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund