Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øresus (tinnitus)

Øyresus er eit nevrologisk fenomen knytt til høyresansen. Ved øyresus oppfattar du ein lyd utan at det finst ei ytre lydkjelde. Den hyppigaste årsaka til øyresus er at sansecellene i det indre øyret er skadd, og at det ligg ein ubalanse føre i samspelet mellom lydsignal opp og lydsignal ned høyrselsnerven. Lydopplevinga er av ulik karakter. Den kan opplevast som ein tone, som støy og han kan vere pulserande og av varierande intensitet.

Når du har tinnitus opplever du å høre lyd som ikke kommer fra en lydkilde rundt deg. For de fleste varer det kort og påvirker deg lite, men noen blir så plaget at det reduserer livskvaliteten.

Les meir på helsenorge.no

Årsaker

Mellom 10-15 prosent av befolkninga har øyresus. Rundt 1 av 100 er svært plaga. Følgjande tilstandar er knytte til øyresus, ofte kombinerte med høyrselstap:

  • støyskade
  • arveleg høyrselstap
  • svekking av høyrselen grunna alderdom
  • Menieres sjukdom
  • skade i hovudet
  • akutt/kronisk mellomøyrebetennelse
  • øyrevoks
  • otosklerose

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, for eksempel til bildeundersøkingar (MR eller CT). 

Når vi har mottatt tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Utgreiing

Når vi greier deg ut for øyresus er det vanleg at du må ta ein høyreprøve og du blir undersøkt av lege.

For mange tilstandar treng du berre éin konsultasjon på sjukehuset, der vi gjer ferdig utgreiinga og går gjennom aktuell behandling.

Mange blir tilviste frå øyre-nase-hals-spesialist utanfor sjukehuset. Desse pasientane har allereie teke høyreprøve og vore til undersøking hos spesialist, og treng ikkje ta ny høyreprøve.

Unntaksvis blir også MR-undersøking av hovudet bestilt. Denne undersøkinga blir gjord når øyresus (tinnitus) og/eller høyrselstapet er einsidig, eller ved tinnitus som er konstant til stades og varierer i takt med pulsslag.

 

Behandling

Første ledd i behandlinga av øyresus er informasjon om tilstanden og deretter kunnskap om ulike meistringsstrategiar.

Det er viktig å unngå stille. Forskjellen mellom styrken på øyresusen og styrken på bakgrunnslyden blir redusert ved å auke lyd i omgivnadene. I dei aller fleste tilfella er det denne forskjellen som er avgjerande for kor sterkt du opplever øyresusen. Eit unntak frå dette er oversensibilitet for lyd. For høg bakgrunnsstøy kan forverre tilstanden. I enkelte situasjonar kan du til dømes bruke øyreproppar.

Stress forverrar øyresus. Det kan vere fysisk stress for forkjøling eller influensa, eller  psykologisk stress. Det er viktig at du og behandlar er klar over dette i vegen vidare med behandling. Om du ser tinnitus-en din som ein del av heilskapsbiletet ditt, kan det gi deg ei auka kjensle av kontroll.

Om du føler at tinnitus har ein negativ effekt på livskvaliteten din kan du få råd og rettleiing. Dårleg søvn eller konsentrasjonsproblem er døme på dette. I somme tilfelle kan hjelpemiddel som lagar gode bakgrunnslydar vere effektive.

Oppfølging

Dersom det ikkje er funne behov for medisinsk behandling etter ferdig utgreiing i spesialisthelsetenesta, kan anna offentleg behandling vere aktuelt for deg.

Kontroll

Dersom du har behov, kan du få time til kontroll hos audiograf eller lege. Der får du råd og rettleiing etter utprøving av hjelpemiddel mot tinnitus.

Sist faglig oppdatert 09.09.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals
Ventetid: 26 uker

Ventetid: 26 uker

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

26 uker til utredning