Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Årsaker til at barn tissar på seg om natta er sjeldan sjukdom. Ofte handlar dette om eit misforhold mellom blærekapasitet og urinproduksjonen og at barnet ikkje enno har lært seg å vakne av vasslatingsrefleksen. Dette «modnast» ofte når barna blir eldre. Nokre barn er også forstoppa, noko som kan påverke urinblæra negativt. Ein bør i så fall, i tillegg til gode toalettvanar og kosthaldsråd, starte med mjukande medisinar for å sikre dagleg avføring. Å tisse på seg er vanlegast hos gutar, og det er vanleg at det er fleire i familien har vore plaga med det same.
Årsaker til at barn tissar på seg på dagtid kan i sjeldne tilfelle vere pga sjukdom. Nokre barn utset å gå på toalettet, går få gonger, og kjenner etter kvart ikkje tissetrong. Andre har «overaktiv blære» som gjer at dei tissar ofte, tissar små mengder og har plutseleg sterk tissetrong. Av og til kan nyoppstått urinvegsinfeksjon vere årsak til ufrivillig vasslating.
Ta eit steg av gongen og start med tiltak mot å tisse på seg på dagtid først.
Ufrivillig vasslating blir delt inn i enurese (sengevæting, nattinkontinens) og inkontinens på dagtid.
Enurese er det same som med nattleg inkontinens. Det er oftast ein ufarleg tilstand hos elles friske barn over 5 år og førekjem hos minst 1/10 barn på 7 år og 1/20 barn på 10 år. Tilstanden kan som regel behandlast hos fastlegen.
Urininkontinens kan i sjeldne tilfelle vere uttrykk for sjukdom som urinvegsinfeksjon, diabetes mellitus/insipidus, eller medfødde misdanningar.
Blæreproblem kan ofte behandlast ganske enkelt – det handlar om å hjelpe barnet til å få kommandoen over hans/hennar eigen blære. Her er nokre grunnleggande råd:
Blæretrening er utgangspunktet i all behandling av barn med tisseproblem på dagtid. Målet er at barnet skal tisse ofte, regelmessig og fullstendig, og på denne måten lære å kjenne tissetrong og ta kontroll over blæra og tissinga.
Til mamma og pappa: Ikkje mas på barnet. Nøkkelord er pedagogikk og psykologi.
Daginkontinens er gjenteken urinlekkasje på dagtid etter at barnet har fylt 5 år. Opp mot 20 prosent av elles friske 5-åringar opplever episodar med inkontinens på dagtid. Blant 7-åringar reknar vi med at 6–9 prosent opplever dette. Informasjonen under gjeld for barn som er 5 år eller eldre, og som opplever lekkasje av urin på dagtid.
Inkontinensproblem hos barn er vanlegare enn mange trur. Lenge trudde ein at det hovudsakleg var psykososiale grunnar til at barn ikkje vart «tørre» til forventa alder. Av og til er dette tilfellet, men hovudårsaka til urinlekkasje hos elles friske barn kjem av sein modning av den delen av nervesystemet som styrer blæra. «For bra» bleier (bleier som absorberer all fukt), manglande pottetrening og dårleg toalettmiljø på skulen kan bidra til å forseinke evna barnet har til å få kontroll på blæra.
Barnet ditt tissar i senga. Sjølv om barnet sin eigen innsats er nødvendig og avgjerande, kan du gi god hjelp i form av støtte, trøyst, oppmuntring og praktisk hjelp. Her finn du råd for korleis du kan hjelpe barnet ditt. Ikkje alle råda er aktuelle til ei kvar tid for alle barn. Du bør sjølv og saman med terapeuten tilpasse råda etter ditt barns behov.
Sengevæting er relativt vanleg blant skulebarn. At barnet ditt væter senga er ikkje hans/hennar feil. Ikkje kjeft, prøv å ikkje vise irritasjon, sjølv om det kan vere vanskeleg midt på natta. Prøv å ikkje vise at du er skuffa, men vis når du er fornøgd og gi ros. Premiering kan hjelpe enkelte, men kan også ha motsett effekt: det å ikkje få noko ein har håpa på, kan opplevast som urettferdig eller som eit nederlag.
Resultatet er i stor grad avhengig av barnet sin eigen innsats. For at barnet skal kjenne ansvar og involvere seg i behandlinga, bør foreldra trekke seg litt tilbake og la barnet ta initiativ og ansvar for dei ulike tiltaka: blæretømming før leggetid, registrering av tørre/våte netter, førebuingar av alarmsystem, inntak av medikament, snakke hos legen, osv.
Så lenge barnet bruker bleier, er det liten sjanse for framsteg. Ein kan avtale at det er barnet sjølv som vel dagen han/ho vil begynne utan bleie.
Nattenurese utan andre symptom og funn, er eit svært vanleg problem hos barn. I litteraturen finn ein litt varierande frekvens, men det gjeld ca. 40 prosent av alle 3-åringar, ca. 20 prosent av alle 5-åringar, ca. 10 prosent av alle 6-åringar, og 3 prosent av alle 12-åringar. Sengevæting blir derfor rekna som eit normalfenomen inntil 6–7 års alder.
Sjukehuset får svært mange tilvisingar på barn som slit med enurese. Vi har ikkje høve til å gi tilbod til denne store gruppa, og meiner også at dette først og fremst er ei oppgåve for foreldre i samarbeid med primærhelsetenesta.
Ifølgje Helsedirektoratet har ikkje barn med dag-inkontinens < 6 år rett til oppfølging i spesialisthelsetenesta. Dersom det ikkje ligg føre mistanke om alvorleg underliggande patologi (nevrologisk sjukdom, diabetes mellitus, nyresjukdom eller residiverande urinvegsinfeksjonar med feber) tek vi derfor ikkje imot barn <6 år med problemstillinga daginkontinens. Dette kjem av at dei fleste barn blir tørre mellom 2 og 5 års alder. Behandling av daginkontinens er basert på uroterapeutiske prinsipp, og føreset at barnet er motivert. Behandlinga krev også ei kognitiv utvikling og forståing som barn < 6 år av erfaring ikkje har.
Det same gjeld for (nattleg) enurese hos barn < 10 år. Hos barn >10 år med enurese skal det også ha vore prøvd alarmmatte og/eller Desmopressin før tilvising.
Vi ønsker å bidra til at primærhelsetenesta kan gjere ein god jobb for desse barna, og har derfor utarbeidd informasjon som vi gjerne sender ut på førespurnad, og som ved behov kan delast ut til for eksempel foreldre.
Vi har også sjukepleiarar på poliklinikken med spesiell kompetanse som kan kontaktast på dagtid dersom ein treng råd.
Nokre konkrete råd
Alderen for å starte behandling er avhengi av kor moden barnet er. Om ikkje barnet sjølv eig problemet er det ofte vanskeleg å komme til målet. Då kan det vere betre å utsette det til barnet blir eldre.
Medikamentell behandling
Desmopressin smeltetablett 120 ug og 240 ug. Blir ordinert på blå resept av alle legar §2 F980 (ICD 10).
Smeltetablett blir lagd under tunga 1–2 timar før leggetid. Unngå å drikke etter inntak. Vasslating blir tilrådd like før innsovning.
Det kan vere ein god idé å vege bleier i 1–2 veker før ein startar behandlinga, og dei første 1–2 vekene etter igangsett behandling. Då vil ein sjå om behandlinga har effekt ved at det blir laga mindre urin på natta.
Ved god effekt: Hald fram med effektiv dose i 3 månader, deretter pause. Vent minst 2 veker utan behandling. I tilfelle residiv kan ein velje eitt av følgjande tiltak:
Desmopressin eller alarmapparat som førsteval?
Alarm har best effekt på lang sikt, og bør, der det er mogleg, vere førstevalet.
Desmopressin kan veljast først viss motivasjonen til barnet ikkje er optimal, eller dersom det er vanskeleg å gi tett oppfølging for foreldre eller primærhelsetenesta.
Men – vi tanbefaler at både alarm og desmopressin blir utsett til etter fylte 7–8 år, og det er klar motivasjon hos barnet.
Spesielle tilfelle
Behandlingsresistens: Ta pause og vent til barnet er klar for nytt forsøk. Hald kontakt og forsøk for eksempel alarm igjen etter eit år.
Hos barn som også er obstipert bør obstipasjonen behandlast før sengevæting.
30 prosent av barn med urininkontinens blir tørre ved hjelp av god behandling mot forstopping.
Barn med nattleg luftvegsobstruksjon med snorking eller søvnapné kan bli tørre etter tonsillectomi/adenoidectomi.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund