Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Urinvegsinfeksjon er ein infeksjon med bakteriar i urinvegane. I nokre tilfelle er infeksjonen berre i urinblæra og urinrøyret, da blir det ofte kalla blærekatarr. I alvorlegare tilfelle kan infeksjonen spreie seg til øvre urinvegar og nyrene, og blir da kalla øvre urinvegsinfeksjon eller nyrebekkenbetennelse.
Dei vanlegaste symptoma på blærekatarr er
Ved nyrebekkenbetennelse har ein same symptom som ved blærekatarr, men som regel også feber og i nokre tilfelle kvalme og oppkast.
Blærekatarr blir kalla ukomplisert dersom pasienten er kvinne, elles frisk og ikkje gravid. Hos menn blir urinvegsinfeksjon alltid rekna som komplisert.
Ukomplisert blærekatarr kan hos nokon gå over av seg sjølv, men det er vanleg å behandle med antibiotika ved plagsame symptom. Ukomplisert blærekatarr blir behandla hos fastlege, men i nokre tilfelle vil kompliserte infeksjonar kunne krevje innlegging i sjukehus.
Om du blir innlagd på sjukehus på grunn av urinvegsinfeksjon, blir du først vurdert av lege som går gjennom sjukehistoria di og undersøker deg. Det vil bli tatt bakterieundersøking av urinen og blodprøver for å bekrefte diagnosen eller utelukke anna forklaring på symptoma.
I dei tilfella det trengst innlegging vil det som regel vere aktuelt å få gjennomført ein ultralyd av urinvegane for å sjå etter disponerande årsaker til infeksjon eller komplikasjonar.
Urinvegsinfeksjon blir vanlegvis behandla av fastlege med antibiotika i 3 dagar for kvinner som ikkje er gravide, eller 5 dagar hos menn eller gravide kvinner.
I dei tilfella det trengst sjukehusinnlegging vil antibiotikabehandling vanlegvis givast rett i blodet (intravenøst) i starten. Når tilstanden er i betring vil ein bli skriven ut, ofte med tablettbehandling for å fullføre antibiotikakuren heime.
Ved innlegging er det vanleg å vere innlagd i 1–3 døgn før utskriving med tablettbehandling. I nokre tilfelle vil behovet for behandling på sjukehus vare lenger.
Av og til er det behov for kontroll hos fastlege etter behandlinga.
Ved tilbakefall av symptom eller ved feber, ta kontakt med fastlege/legevakt.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund