Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Astmaskole

Astmaskolen er eit læringstilbod for deg med astma, og for pårørande som ønskjer meir kunnskap. Astmaskolen skal hjelpe deg å meistre kvardagen betre med lungesjukdomen.

Astmaskolen består av fire delar:

Del 1: Informasjon på nett

Du les innhaldet på denne nettsida og blir kjent med:

  • korleis lungene fungerer
  • kva astma inneber
  • korleis du kan puste i både gode og dårlege periodar

Del 2: Kursdagen

På kursdagen møter du opp fysisk på sjukehuset. Der får du eit kurs med informasjon om ulike tema.

Del 3: Heimelekse

I to veker måler og registrerer du pusten din morgon og kveld. Du sender resultata digitalt til oss.

Del 4: Behandlingsplan

Du får ein eigen behandlingsplan basert registreringane du har sendt oss.

Ein sjukepleiar tek kontakt med deg for å gå gjennom planen og svare på spørsmål.

 

Sist oppdatert 19.03.2026