Autoimmun hepatitt

Autoimmun hepatitt (AIH) er ein kronisk betennelse i levra. Årsaka til AIH er ukjend, men tilstanden kjem sannsynlegvis av eit samspel mellom gen, miljøfaktorar og eit feilregulert eller «overivrig immunforsvar». Dette medfører betennelse i ein del av kroppen sitt eige vev (såkalla autoimmun sjukdom ).

Symptom

Sjukdommen finst hos begge kjønn i alle aldersgrupper, men er vanlegare hos yngre kvinner. Førekomsten er aukande. Av og til kan ein også ha andre autoimmune leverbetennelsar  som primær biliær kolangitt (PBC) og primær skleroserende kolangitt (PSC).

Dei fleste pasientane har ved diagnosetidspunkt som regel ingen symptom eller berre uspesifikke symptom (utmatting, nedsett allmenntilstand, magesmerter, kvalme, kløe og/eller leddsmerter). Hos mange blir AIH oppdaga ved eit slumpetreff ved at det blir påvist unormale leverprøver på blodprøvar tekne av anna årsak.

Hos cirka 25 prosent har sjukdommen ein akutt debut med gulsott og kvalme, som ofte resulterer i sjukehusinnlegging. Ofte har då sjukdommen vore der ei god stund utan at ein har visst om det.  

Utgreiing

AIH blir diagnostisert ved hjelp av blodprøvar og ein vevsprøve frå levra (biopsi). Ein vil då utelukke andre årsaker til leverbetennelse som virusinfeksjon, alkoholbruk og medikament. Vevsprøven blir undersøkt i mikroskop for å stadfeste diagnosen og utelukke andre leversjukdommar.

Behandling

Målet med behandlinga er å dempe betennelsen i levra. Dersom betennelsen er ubehandla i mange år blir det utvikla arrvev og du kan til slutt få såkalla skrumplever (levercirrhose). Då vil levra etter kvart slutte å fungere normalt og det kan hos somme bli aktuelt med levertransplantasjon. For å unngå at det bli utvikla cirrhose må ein dempe betennelsen i levra med immundempande medisinar.

Dei vanlegaste medisinane ein bruker ved AIH er prednisolon og azathioprin (Imurel). Ein del toler ikkje Imurel, og då kan det vere aktuelt anten å behandle berre med ein låg dose prednisolon eller prøve andre medikament som merkaptopurin (Puri-Nethol) eller mykofenolatmofetil (Cellcept). Det finst eventuelt andre alternativ som takrolimus eller ciklosporin og dessutan nokre andre mindre dokumenterte medikament. Dei fleste må stå på livslang behandling då sjukdommen ofte blussar opp dersom ein sluttar med medisinar (opptil 80 prosent innan eitt år).

Oppfølging

Oppfølging er ei spesialistoppgåve, vanlegvis med kontrolltime årleg. AIH er ein kronisk sjukdom der forløpet kan vere svingande. Det derfor viktig at du blir følgd opp med blodprøvar (kvar 3 – 6. md) for å oppdage eit eventuelt oppbluss av sjukdommen. Hos enkelte stabile pasientar kan oppfølging skje hos fastlege, med jamlege blodprøvekontrollar og tilvising tilbake til spesialist om nødvendig.

Det er vanleg å ta ei beintettleiksmåling ved diagnosetidspunktet. Dersom du må bruke prednisolon fast er det spesielt viktig å følgje opp med regelmessig beintettleikssmåling og du bør bruke tilskot av vitamin D og kalk. Ofte blir det teke elastografi (Fibroscan) jamleg for å følgje utviklinga av stivleiken i levra.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.