Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Blærekreft er ein eller fleire svulstar som veks ut frå den indre overflata til urinblæra. Blærekreft er den sjette vanlegaste kreftforma blant norske menn. Talet på tilfelle av blærekreft er aukande blant kvinner, og røykarar er spesielt utsette. Blærekreft blir hovudsakleg behandla med operasjon.
Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og pårørande dine, og dessutan ansvarsplassering og konkrete forløptider.
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Kva undersøkingar som blir gjorde varierer, men mange blir undersøkte med eit tynt røyr, eit skop, som blir ført inn gjennom urinrøyret og opp i urinblæra (cystoskopi). Vi tar ofte blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga av deg.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi tar avgjerd om diagnose. Om du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
Dei vanlegaste undersøkingsmetodane ved mistanke om blærekreft er:
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Ved påvist kreft, planlegg vi nå kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandlinga di tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
For pasientar med blærekreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling aleine eller i kombinasjon.
Den kirurgiske behandlinga av blærekreft kan delast i to grupper:
Ved overflatisk kreft prøver vi å bevare blæra og berre fjerne svulsten (TURB).
Der kreftsvulsten har vakse inn i blæremuskulatur eller djupare (muskelinfiltrerande svulstar) vil vi som oftast måtte fjerne blæra (cystektomi).
kan heilast ved operasjon gjennom urinrøyret (TURB). Blærefunksjonen vil vere normal etterpå. Desse svulstane har ein tendens til å komme tilbake. Ein må derfor kontrollerast i mange år med cystoskopi og ev celleundersøking av urinen. Kontrollane blir vanlegvis gjorde poliklinisk med lokalbedøving.
Muskelinfiltrerande blærekreft
Pasientar med muskelinfiltrerande blærekreft blir som oftast behandla med fjerning av blæra (cystektomi). Operasjonen kan gjerast med open teknikk eller som robotassistert operasjon. Somme pasientar vil få cellegift i forkant av operasjon. Dette blir vurdert av urolog, kreftlege og røntgenlege i fellesskap.
Ved langt komen kreft kor sjukdom ikkje kan kurerast finnast det nå ein rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebuing og symptomlindring. Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.
Behandling og oppfølging av pasientar behandla for blærekreft delast i to hovudgrupper:
Utover dei oppsette kontrollane vil det vere individuell vurdering om det er behov for vidare oppfølging.
Det finst ei rekke tilbod som kan vere ein hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkte rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og starten av behandlinga. Måler er å kunne fungera og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund