Brot i ankel
Ankelen er eitt av dei vanlegaste stadene å få brotskade. Den vanlegaste skademekanismen er kraftig vridning av ankelen. Ved mistanke om brot i ankelen må du kontakte lege. Viss legen vurderer brot, vil du bli vist til røntgenundersøking.
Ankelleddet har tre bein, to i leggen og eitt i foten. I tillegg blir ankelen stabilisert av ei rekke viktige leddband, såkalla ligament. Det er derfor mange typar ankelbrot. Du kan ha eitt enkelt brot i ankelen, eller fleire. I tillegg til brotskade i bein, kan eitt eller fleire av ligamenta vere skadd.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om brot, er det nødvendig med røntgen av ankelen så snart som mogleg. Viktig førstehjelp er å halde ankelen høgt, nedkjøling, lett kompresjon og ro. Ankelen bør stabiliserast så godt som mogleg. Eventuelle opne sår må dekkast med bandasje. Openberr feilstilling i ankelen bør rettast opp.
Utredning
Har du fått påvist brot i ankelen, vil legen først vurdere om det er eit brot som krev operasjon. Det kan vere nødvendig med undersøkingar som CT og MR for å vurdere dette.
Viss brotet ikkje krev operasjon, kan du reise heim etter undersøkinga. Viss du treng operasjon, er det ønskeleg å gjere det så snart som mogleg. Går det for lang tid kan ankelen hovne opp, slik at ein akutt operasjon ikkje er tilrådd. I slike tilfelle må du vente nokre dagar (vanlegvis 4-7 dagar) til hevelsen er gått ned. I nokre tilfelle kan du vente heime. Det er viktig at du ligg med ankelen høgt heile tida, slik at hevelsen går ned raskast mogleg.
Behandling
Viss brotet er stabilt, vil du kunne reise heim etter undersøking. Mange får då lov til å belaste ankelen fullt ut. Av og til kan det vere nødvendig med gips og krykker for avlasting.
Viss du treng operasjon, må du vanlegvis leggast inn på sjukehus. Enkelte brot kan opererast som dagkirurgi. Operasjonstype vil avhenge av kva type brot du har. Vanlegvis blir brotet sett saman med metallplater og skruar. Ved øydelagte ligament kan det bli nødvendig med ein eller fleire skruar for å erstatte det.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Etter behandling for brot i ankelen vil du få oppfølging på poliklinikk. Vanlegvis 2 og 6 veker etter operasjon. Eventuelle sting blir fjerna etter 2 veker.
Insett metall treng vanlegvis ikkje å fjernast. Unnatak er enkelte skruar som erstattar leddband. Mange vel rutinemessig å fjerne desse etter 10 veker. Dette er i så fall eit lite inngrep i lokalbedøving som dagkirurgi.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Ortopedi, Haugesund
Oppmøtestad
1. etasjeHaugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund